Søk i denne bloggen

lørdag 13. april 2013

Geiranger


Vakre Geiranger tatt i frå Ørne-svingen.


 I dag har eg, søste, Laurel og Harald vore på dagstur til Geiranger.
Laurel er ei kunstnarvenninde av søste frå USA som er på besøk og Harald er ein kunstnarven av søste.
Det var for Laurel skulle få sjå norsk natur og ekte fjordar :)

Laurel, Harald og søste

Meg

Meg og søste
 

Vi leitte litt etter ein plass å ete mat, men det meste opnar ikkje før mai (turistsesongen).
Men heldigvis fann vi PostBrasserie som var superkoseleg og hadde god mat. Vi satt ute og åt mens sola varma oss godt. Dei fine nausta var utsikta vår.


Så fint vêr i dag!!


Eit utsnitt av uteplassen til restauranten.


Når vi kom heim stod dette på bordet. Hummer, kreps og reker. NAM!
 Det smakte nydeleg!


Og dette var dagens fine avsluttning :)

søndag 7. april 2013

Grevinnen går igjen - igjen

 Hanna og Sofie


Grevinnen går igjen - igjen av Knud Erik Meyer Ibsen var påskestykket på Framtun i år.
Eg var så heldig å bli spurt om å gjere hår på desse framsyningane. Premiere og reprise, godt med folk på begge to.
Utruleg dyktige skodespelarar og veldig kjekt å få vere med bak scena :)

Eg seiar berre at bileta får tale for seg sjølve:
(trykk på dei for å få sjå dei større)