Søk i denne bloggen

søndag 27. januar 2013

Vidare på kjøkkenet



Kjøkkenet før. Desse bileta tok eg for 4 år sidan.


 Og no:


Ikkje heilt ferdig, men ei stor forandring!



Ny vask og ny krane! Trur det blir superbra!

På onsdag byrjar Frode på jobb igjen, så då blir det ikkje gjort noko meir før i mars.
Vi er veldig fornøgde med at vi skal ha grå "fliser". Det kjem til å vise mykje meir og bli mykje kulare.
Sjå flisene to innlegg nedom dette.

Men kva tykjar du?? :D

lørdag 26. januar 2013

Helga 18.- 21. Januar


 No er det plutseleg ei vike sidan eg hadde med Emilie heim til øya. Ho bur i Tønsberg og er min brors dotter. Ho er 1,5 år og var ei fryd å ha med seg på fly.


Laurdag var eg og Frode på tur og viste fram Emilie til foreldra til Frode.
Då fekk eg meg tidleg gebursdagsgåve!! Setedalsgenser strikka av Åse!!


Søndagen gjekk til å rydde i løa for å få plass til Volvoen til Frode og litt vasking i huset til mamma :)
Nede ved fjøsen (som ikkje er dyr i) står denne fine bensinpumpa. Den fangar meg, og eg likar den svært godt. 



Frode har stole jakka til pappa ;)

 Og pappa haldt på å fiksa brøyteskjeret. 


Den haugen framfor Frode har vi stabla til den fin haugen til høgre.

Det var utruleg flott vêr alle dagane. Kaldt, vindstille og sol.



Ellers gjekk tida til kosing med Emilie :)

 Farmor fiksar håret



Emilie og onkel blei gode venar. Her er det onkelkos :)



 Måndagen var det på tide å reise til Oslo igjen.



Men først måtte eg besøke farmor <3 Verdens beste farmor <3

Lillehammer


Måtte berre vise fine bilete eg tok med mobilen frå toget. Lillhammer med 24 minusgrader. Men vakkert.

torsdag 24. januar 2013

Kjøkkenoppdatering


Her har eg tatt bilete frå gamlebloggen av kjøkkenet før han starta. Skåpdørene står på golvet i midten, klar for å sendast på lakkering.

 Rot..


Dette vart "flisene" vi valgte. Trur det blir veldig bra.

Det tok tid før benkeplatene kom, og kjøkkenet skal han hente ein av dei nærmaste dagane.
Men her er benkeplateprosjektet i gong:

Her var fliser på skorsteinen som du ser og dei er vekk på høgre side av bardisken. 
Men...

..desse flisene satt godt.. Så veggane kom med.
Men det fiksa Frode og broren heldigvis!


Sjå her, så fint det blir!! Vi har bestemt oss for å ikkje flise på skorsteinen og dei smale bitane slik det var, men heller måle i den lyse gråfargen vi har på resten av kjøkkenet/stova.


Det blir så bra!! :)


onsdag 23. januar 2013

Hyttetur til Hafjell



 

Helga 11.-14. januar var vi så heldige å ha blitt invitert på hyttetur til Hafjell av Henrik :)
Utruleg koseleg hytte, og ein superkjekk gjeng :)


Gutane kom torsdag, og vi jentene fredag.

Her er det Ludo-speling på gong. Vi prøvde oss på Geni, men barne-Geni passa oss betre...


Her er det Idol-pause!


Laurdag :


Det var ikkje noko tull med frukosten nei! Her var det egg og bacon og eit fullt bord med pålegg. Frode er kokken :)


Frank og Per Olav ventar på frukost ;)

Her har vi komt oss i bakken.
Ane, Frank, Per Olav, Henrik og meg.

 Frode måtte også få vere med, så her har eg og han bytta plass.


Henrik! 

 Meg i sola


Nydeleg fint vêr, og nydeleg utsikt.



 Henrik, Pejo og Frank.

Eg vart så utruleg kald i bakken, og fekk ikkje varmen i meg igjen i lunchen. Henrik tok si første øl, og vi vart setande. Etterkvart rusla vi oss bort til Afterskien, og satsa på varmare klede søndagen. Det var -18 grader ute.


Her har eg og Ane kjøpt oss ei Cavaflaske på deling :)


Ane tek bilete :)


Her er ei dame som tek bilete av oss(venninda til ho som har lurt seg med bak Ane)

:)


Her sit vi i Gondolen på søndagen. Like fint ver :)

Ei veldig bra helg :)

torsdag 10. januar 2013

2013 har starta for fullt...


Ja dette såg vel godt ut? 

2013 er i full gang. Dagane berre flyg avgårde. Mykje har skjedd, men eg vil ikkje røpe det heilt endå.
Frode har akkurat vore på besøk. Han var her til onsdag, flaug heim for å sette seg i bilen i dag og køyre ned til Hafjell der vi skal møtast i morgon. Henrik har invitert ein gjeng til godt lag ;) Det er to år sidan eg sist sto på ski, så no er det på tide igjen. Og første gong eg skal på Afterski :) 

Så neste oppdatering blir vel om korleis helga var :)

God helg!

Ein skal tidleg krøkast...


Lesarbilete i lokalavisa heime. I teksten:
Leon i opplæring. Tidleg krøkast som god.....
Oljegruslegging på Haramsøy.

onsdag 9. januar 2013

Nyttårsaftan



Leon syns det var så lenge til det skulle bli rakettar denne dagen, så vi måtte finne på noko.
Å måle har eg hatt lyst til ei stund. Og i tillegg har ei venninde ønska seg eit måla bilete frå meg!
Dei blei velig fine også. Vi limte på ting og hadde glitter på. Leon laga bilete til mammaen sin og eg til May-Liss og Sigrid.

Leon i djup konsentrasjon. Han måla ein vulkan og lava.


 Eg glømte å ta bileta av resultata våre, så eg fekk Sigrid til å ta eit bilete av det ho fekk.
Bilete av oss tatt i jula, og ein tekst som beskrivar oss godt.

Og her er litt bilete då endeleg klokka nærma seg tolv.


GODT NYTT ÅR!