Søk i denne bloggen

torsdag 24. januar 2013

Kjøkkenoppdatering


Her har eg tatt bilete frå gamlebloggen av kjøkkenet før han starta. Skåpdørene står på golvet i midten, klar for å sendast på lakkering.

 Rot..


Dette vart "flisene" vi valgte. Trur det blir veldig bra.

Det tok tid før benkeplatene kom, og kjøkkenet skal han hente ein av dei nærmaste dagane.
Men her er benkeplateprosjektet i gong:

Her var fliser på skorsteinen som du ser og dei er vekk på høgre side av bardisken. 
Men...

..desse flisene satt godt.. Så veggane kom med.
Men det fiksa Frode og broren heldigvis!


Sjå her, så fint det blir!! Vi har bestemt oss for å ikkje flise på skorsteinen og dei smale bitane slik det var, men heller måle i den lyse gråfargen vi har på resten av kjøkkenet/stova.


Det blir så bra!! :)


2 kommentarer: