Søk i denne bloggen

lørdag 31. august 2013

26. august - Naviti, Fiji

Neste øy på reisa var øya Naviti som er mykje lengre nord enn Waya Lailai. Her skulle vi bu på White Sandy Beach resort.

Når vi kom fram dit arrangerte dei leikar for oss. Blant anna tautrekking mellom dei innfødte og oss turistane. Vi vann!! På denne resorten var vi ganske mange, til og med fem norske som studerte i New Zealand. Rart å kunne snakke norsk igjen!

Vi skulle få smake ferske kokosnøtter. Måten dei plukka kokosnøttene på var at dei sendte ein av gutane i staben opp i palma. Han klatra da opp utan sikring og hjelpemiddel. Etter å ha kasta ned mange kokosnøtter snudde han seg opp ned og klatra ned att med hovudet først! Som ei firfirsle. Sjukt kult!

Resten av dagen slappa vi av litt på stranda før vi gjekk ein tur for å sjå på solnedgangen. Nesten like vakkert som heime! Hehe.

Etter middag underhaldt staben frå hotellet med fijisk sang og dans. Vi fekk og lære ein dans. Deretter hadde vi fleire danseleikar, noko som var veldig gøy.

Vi avslutta dagen med bål på stranda.

Veronica & Ane

25. august - Waya Lailai, Fiji

Her ute på øyene har dei berre straum på kveldstid i eit par timar, difor lev vi etter sola. Frokosten er med andre ord veldig tideleg. I tillegg er det berre kaldt vatn i dusjen, men ein dusj er ein dusj!

I dag kom det litt fleire folk til øya. Ein brite, ei frå østerrike, ei fransk-canadisk og to frå USA, blant anna. Vi tilbrakte dagen med soling på stranda og avslapping i hengekøyer før vi spelte volleyball saman.

Etter middagen fekk vi tilbod om å smake cava. Ein fijisk drikk som dei seier smakar som vatn med jord i. Denne drikken gjer deg ein nummen følelse i munnen og etter mange koppar skal ein bli veldig sløv. Vi bestemte oss for å takke nei til å smake.

Alle saman blei setande og prate ei lang stund før vi gjekk til sengs. Det viste seg at Bonnie og Chad frå USA skulle på akkurat dei same øyene som oss.

Veronica og Ane

24. august - Waya Lailai, Fiji

Vi måtte opp klokka 0600 for å rekke å pakke og ete frokost før avreise mot øyane klokka 0700. I Fiji så lev dei etter "Fiji-tid". Det vil sei at dei lev i eit litt roligare tempo enn vi er vandt til.

Båten vi skulle ta var som ein stor hurtigbåt. Den køyrte innom fleire øyer på vegen til Waya Lailai. Blant anna ei bittelita øy som berre bestod av sand. Veldig spesielt.

Når den store båten var framme ved Waya Lailai måtte vi hoppe over i ein liten trebåt som frakta oss inn til øya. Der sang dei til oss når vi kom.Vi bur i "dorm" på alle øyene vi skal på. Dette er ein felles sovesal med mange senger. På Waya Lailai var det berre eit anna par og tre tyske gutar når vi kom, så vi budde åleine.

Første dagen blei tilbrakt på stranda og i hengekøyene ved stranda. Vi slappa av, leste og kosa oss. Vi fekk og lære å flette armeband av blad frå kokosnøttpalmer. Stilig!

På kvelden gjekk vi opp på toppen av fjellet på øya for å sjå på solnedgangen. Vi hadde med oss ein familie med ein 4-åring, derfor tok turen litt lengre tid. Utsikta var flott der oppe, så det var verdt turen opp!

Vi avslutta dagen med middag saman med to kjekke damer frå Italia. Vi trudde dei var kjærestar, men det viste seg å vere mor og datter. Ups!

Alle måltid blir forresten servert av dei som eig resorten ("hotellet") vi bur på. Vi blir som ein del av familien og får lære mykje om kulturen deira. Vi lev ikkje etter klokka, men etter ei tromme som dei tromma på når det er tid for mat.

Veronica & Ane

23. august - Fiji

Dagen starta med fly frå Brisbane til Fiji. Alt gjekk strålande og flyturen gjekk fort. Fiji ligg 10 timar framom Noreg i tid.

Vel framme i Nadi, hovudstaden på Fiji gjekk vi til "ingenting å klarere" i tollen. Der blei vi stoppa. Eg (Ane) hadde sjølvsagt gløymt å skrive opp at eg hadde med meg epler i sekken. Dette ville koste meg 400 fijiske dollar (1200 NOK)!

Eg blei veldig fortvila, og heldigvis for oss så slapp vi unna fordi vi var blonde og søte. Takk og pris for mannlege tollarar!!

Sjåføren som køyrte oss til hotellet gav oss tips om å kjøpe med oss vatn og passe godt på verdisaker ute på øyane. Han køyrte oss også til ein supermarknad og ein minibank.

Vel framme på hotellet blei vi innlosjert på 40manns-rom. Vi avslutta dagen med middag og danseshow på hotellet. I morgon reiser vi ut på øyene.

Her er nokre fijiske ord og fraser som er kjekt å kunne:

Bula - Hallo
Vinaka - Takk
Vinaka vaka levoo - Tusen takk
Io - Ja
Senga - Nei
Senga nikila - Eg veit ikkje
Vaka thaba tiko - Korleis har du det
Toto ka tiko - Eg har det bra
Vo soti ao - Unnskyld
Wonka - Båt

Orda er ikkje skriven slik dei skal, men slik dei uttalast. Då er det lettare å hugse det.

Veronica & Ane

torsdag 22. august 2013

22. august - Brisbane

I dag våkna vi før alarmen ringte. Vi stod opp og pakka sekkane våra og rydda bilen før vi køyrte inn for å levere den. Leveringa gjekk smertefritt!

Vi tok så buss inn til sentrum og fann oss etterkvart eit hostell. Der bestilte vi senger på firemannsrom.

Etter å ha sjekka inn tok vi turen ut i byen. Vi gjekk over Victoria Bridge og inn på Queensland Art Gallery. Det var gratis inngang og mykje fint å sjå!

På veg tilbake gjekk vi først oppover langs elva som gjeng tvers igjennom heile byen før vi gjekk over brua Goodwill Bridge. Når vi hadde komt oss halvvegs over fann vi ut at vi ville sjå the Kangaroo Point Cliffs. Vi snudde og gjekk tilbake og fulgte elvepromenaden vidare. Til slutt kom vi til Kangaroo Point Cliffs. Der var det mange klatrarar som dreiv på i veggane.
Plutseleg var klokka blitt mykje og i morgon reiser vi til Fiji. Nyt bileta og trykk på "eldre innlegg" nederst på sida om du vil sjå resten av oppdateringane frå Australia og ellers på turen. Du kan også trykke på bileta for å sjå dei større.

Veronica & Ane

21. august - del 2 - Koalapark og Brisbane

Neste stopp var no ein koalapark like utanfor Brisbane. Vi måtte køyre gjennom byen for å unngå ein bomstasjon, og det gjekk heldigvis greit. Vel framme ved Lone Pine Koala Sanctuary parkerte vi bilen og gjekk inn for å sjå på dyra.

Her fekk vi sjå diverse papegøyer, fuglar, flaggermus, nebbdyr, koalaer, tasmanske djevlar, dingoar, skilpadder, vombat, emu, kenguru, raud kenguru, slange, krokodille, kookaburras (ein fugl), diverse øgler og firfisler og gårdsdyr.

Koalabjørnane såg rett og slett ut som kosebamsar. Veldig søte! Det var muleg å få halde og ta bilete med dei, men vi droppa det.

Det var ein mann som stod å fortalte om slangar. Han hadde ein stor slange med seg. Den fekk vi lov å kjenne på! Eg (Ane) måtte sjølvsagt bort å kjenne og det føltes eigentleg litt som å ta på plastikk. Merkeleg følelse.

Så kom dagens høgdepunkt! Vi kunne kjøpe litt mat og mate kenguruar! Det er no eit av våre favorittdyr. Dei var veldig mjuke å ta på og veldig interessert i maten vi hadde med. Utruleg kult å sjå på dei som hadde unge i "lomma" si. Enten så stakk hovudet ut, eller så stakk beina ut! Glad at vi slepp å bere ungane våre slik når den tid kjem!

Før vi forlot parken fekk vi hjelp av dei i kiosken til å leite etter ein plass å campe for natta. Eg er ikkje så glad i å køyre i byen, så Veronica ba dei søke etter ein plass utanfor. Dei skreiv ned adressa og vi kom oss avgårde.

Til slutt var vi framme. Der tok vi oss ein dusj og nytta anledninga til å skrive blogginnlegg og lese litt før vi sovna tidlig etter ein lang dag.

Veronica & Ane