Søk i denne bloggen

fredag 2. august 2013

2. August Kuala Lumpur del 2


Rett ved sidan av Petronas låg eit kjøpesenter, der shoppa vi litt før vi gjekk vidare. Vi prøvde å kjøpe billettar til Petronas, men det var utseld til neste veke. Då bestemte vi oss for å gå til Menara Tower i staden. Det er eit tårn med utsikt over byen. Nesten like høgt så Petronas tårna:)

Vi tok føtene fatt og gjekk til Menara Tower. Der kjøpte vi billettar og tok heis opp. Vi fekk gå rundt kuppelen på toppen, ute i frisk luft å ta bilete. Der oppe såg vi for ein fin by det var! Verdas høgste telefonkommunikasjonstårn på 421 meter.

Etterpå tok vi heisa nokre etasjar ned og venta på at det skulle bli mørkt ute. Då fekk vi sjå Kuala Lumpur i all si prakt. Vakkert!

Dagen blei avslutta med middag og taxi tilbake til hotellet. Han slapp oss  av i Chinatown. Det hadde forandra seg heilt frå i går, og vi gjekk litt fram og tilbake før vi skjønte kor vi budde. Det gjekk heldigvis bra i dag og!

Veronica & Ane

2 kommentarer: