Søk i denne bloggen

søndag 31. mars 2013

Himmel


Det har vore eit fantastisk vêr her på Sunnmøre. Trur ikkje eg har opplevd så mange finevêrsdagar på rad her før! Alle bileta er uredigerte. 















torsdag 28. mars 2013

Tur til Skulefjellet


Forrige vike ein dag gjekk eg og Frode opp til Skulen. Det er fjellet på øya der eg er i frå. Trur det er 512 moh. Det var litt mykje snø å vasse i, men ellers ein fin tur. Vi gjekk ned att på Rogne, noko som var veldig mykje lengre enn vi trudde.


Meg, blid og fornøgd ;)


Frode på veg opp.


Utsikt mot Ålesund


 Utsikt utover mot havet


Meg og Frode <3

mandag 18. mars 2013

Mykje har skjedd


 Forrige veke var siste veka mi på Toni&Guy Grünerløkka. Trist og rart, men samtidig godt å flytte heim.
Heldigvis fekk snille Phanida stripa håret mitt.


Ein tom kaffelattè og eit hovud fullt av folie.

På den aller siste dagen min overraska Phanida med ei nydeleg god snickerskake :)

Etterpå var vi ein gjeng på Bar Rebell som var utruleg koseleg :)
Siste kvelden i Oslo på ei stund.

Hanne, Christine, Samaneh, Kaja, meg, Carina, Jannicke, Bettina, Marianne, Marianne og Simone.

Eg fekk vin, div body-kremar og kjempefine kort :)

 Takk for ein fin kveld :)


Laurdag stod vi opp 06.00 (gjesp) for å vaske og pakke ut av leiligheta.
Her har eg tatt siste bileta slik eg forlot leiligheta mi <3 Det er litt trist, men samtidig greit å vite at den fortsatt er mi.




Så var det klart for ein 7,8 timers biltur heim til Sunnmøre.
Klarte forresten å fylle ein heil varebil, sjølv om møblane stod igjen.


Vi stoppa på Lillhammer ved favorittbutikken til Frode der han handla litt.



Romsdalsfjella


Vi var framme i Ålesund 19.00. Britt hadde laga pizza til oss når vi kom fram. Det var godt etter ein lang biltur. Det var verre med kaoset det blei i stova etter vi hadde bert inn alt.



I dag byrja eg på ny jobb. Rolls Royce Marine der eg er automasjonsmontør. 
Der skal eg vere i 3,5 månad før det er reisa vår som står for tur.

Detter var dagens frukost. Heime med ho mor.

lørdag 9. mars 2013

Tida som er igjen

 

 

Torsdag 11. juli 2013 kl. 12:20:00 (Oslo tid)


er det til vi starter reisa vår :)



Og i dag er det akkurat 1 vike til vi skal køyre flyttelasset mitt heim til Ålesund :)

tirsdag 5. mars 2013

Dagens bilete og dagens tekst


I dag letta det 10 kg frå skuldrane mine. Leiligheta mi er utleigd. Alt er i boks.
Eg har fiksa det sjølv, og eg klarte det. (Håpar berre den er like heil neste gong eg ser den;)
Hjelpe meg kor mykje eg har lært desse 2,5 åra.
Til og med blitt glad i kaffi, noko som eg aldri trudde kom til å skje.
Så mange fantastiske mennesker eg har møtt.
Så mange yrker eg har høyrt om.

Eg er glad.

Eg trur ting skjer for ein grunn, her eg sit med eit smil om munnen.
Alt eg har lært og kor mykje eg har utvikla meg.
Tilfeldigheta førar deg dit som du skal, men med ein grunn bak.
Det trur i alle fall eg.

Mine planar som skal skje i framtida, som kanskje forandrast etter kvart, ser eg fram til. 
Draumen om rundreise er nærmare enn eg nokon gong hadde trudd. 129 dagar faktisk.
Eg har fått meg venar i forskjellige land, som betyr mykje for meg. Og kanskje endå fleire vil eg møte.

Med dette innlegget vil eg berre sei at eg er veldig takknemleg for alt eg har fått opplevd og lært. 
Takk til verdens beste faste kundar som er forferdeleg å forlate.
Heldigvis vil eg sjå nokon av dei igjen, og forhåpentlegvis vil eg få nye, like fantastiske kundar.

Men no gledar eg meg veldig til å flytte til Sunnmøre om 1,5 vike. 
Nye eventyr, nye molegheiter og nye og gamle ansikt :)



TAKK <3


lørdag 2. mars 2013

The Killers


Folkehav.

Eg hadde i grunn bestemt meg for å ikkje fare på denne konserten. Men i går når eg vakna hadde eg veldig lyst. Så heldigvis var ikkje billettane utsolgt :)
 


 Vi var ein gjeng på 5 stk som kosa oss på konsert :) 
Bra stemning :) Men eg synes at Telenor Arena er litt for stort..