Søk i denne bloggen

onsdag 26. desember 2012

Lillejulaftan

Meg og May-Liss :)


Lillejulaftan møttast vi til spelekveld med meg.
Kosa oss med julekjeks og julebrus og spelte Rummy!
Det var kjekt å samlast igjen, då det ikkje er så ofte sidan vi bur på kvar sin stad!

 

Sigrid, meg og May-Liss


Eg tapte alle gongane.... Ellers var det eit veldig kjekt spel ;)

Pepperkakehuset


Eg har gløymd å vise pepperkakehuset mitt! Eg kjøpte ferdig rosa glasur for å prøve, men det vart ikkje nokon suksess. Veldig vanskeleg å få ut av tuba!


Skulla vel ikkje trudd at eg jobbar med eit hand/kreativt yrke når ein ser dette då men ;) hehe.. 

Gledar meg til å ete det i romjula :)

søndag 16. desember 2012

Photoshoot med Cato og Preben

 
Desse 3 første bileta er nokon av mine favorittar.
 
Dette var ein photoshoot berre på gøy i grunn :)
Bileta er tatt av Ewa Piasecka og eg har redigert dei sjølv.
Eg har lenge lyst til å hatt ein herreserie til å ha i portofoliemappa mi.
Så har eg slike snille kompisar som stillar opp :)
 
 
Preben
 

Cato
 


Preben
 




Serie
 

 
Hoppebilete er gøy :)






 
Her veit eg i grunn ikkje kva som skjer, men eg likar det :)
 


Fleire kjem etterkvart :)

lørdag 15. desember 2012

Fine dagar


 
Eg har verkeleg hatt nokon fine førjulsdagar. No er det laurdag igjen, og ei veke sidan det byrja med besøk frå Ane som tidlegare innlegg viste. Så har "søste" vore her frå søndag til torsdag. Det har blitt koselege cafèbesøk, gode samtalar, fine ting i posar og varme smil om munnen.


 
Hjarte


 
Finaste systra.
 


No er det berre 6 dagar til eg reiser heim til jul!! ÅÅÅåååå, så eg gledar med til det. 

mandag 10. desember 2012

Astrup Fernley og Vestby

 
 Favorittkroken min.
 
Laurdag fekk eg besøk av Ane! Og plutseleg for eg rundt og knipsa bilete.. Har pynta litt til jul ;)

 
Har fått meg fin adventsstake! Og eit bilete av kjøkkenet..
 

Ane kosar seg i sofaen :)
 
 
Søndag:
 
Søste kom på besøk og skal vere her til onsdag.
 


Ane, meg og søste utanfor Astrup Fernley museumet.



 
Denne fasinerte meg. Det er berømte bygningar som ser ut som dei hell på å dette saman.
Det er laga av griseskinn.


 
 Denne søte fyren var på trappa utanfor museumet.
 
Så delte vi veg. Søste skulle møte ein kunsterven og eg og Ane tok toget til Vestby. Vestby er forbi Ski, men det tok heldigvis berre ein halvtime med tog.
På Vestby ligg Norwegian Outlet som er ei rekke med merkevarebutikkar som har 30-70% på alle varer. Der var alt i frå Bergans(sport) til Branstad(mote for menn) og Devold skulle opne i dag, dagen etter vi var der. Fekk kjøpt litt ullklede og julegåver.
 
 
Juletreet som var der :)
Takk for besøket Ane! :)
 


fredag 7. desember 2012

Mitt bidrag til Årets frisør



Kvart år kårast "Årets Frisør" i Norge. Dette er gratis å delta i, og veldig lærerikt.
 

Man må sette krav til seg sjølv. Det er planlegging som å finne fotograf, finne modellar, finne makeup-artist, eventuelt finne lokale, tenke ut tema, og ikkje mist finne ut kva man vil gjere med håret.
Det siste er eigentleg det vansklegaste ;)
 
Eg har i år 3 flotte modellar som eg har plukka frå øyane eg kjem i frå. Nokon har aldri stått framfor eit stort fotograf-kamera før. Å gi meg eit så utruleg fint resultat er eg stolt av. Eg tenkjer ofte på når eg fortel kundane mine her i Oslo om den lille øya eg er i frå, og eg ser dei store augene deira når eg sei kor mange som bur der. Det er lite det. Så eg er heldig at det veks opp så fine jenter der ute ;)
Og å seie ja før dei visste kva eg prata om nesten (hihi), der eg engasjert prøvar å få det til å klaffe før alle reiste kvar sin plass i sumarferien ;)
Tusen takk til dykk :)
 
Trur også dei kosar seg med bileta :) Har mange fleire utruleg kule bilete på lager, så dei kjem etterkvart. Gled deg ;)
 
Har ikkje trua på nokon seier, men å delta er vel det viktigaste :)

onsdag 5. desember 2012

NY BLOGG!!!


 
Ny blogg!!! Ikkje heilt frivilleg, men eg fekk ikkje lov til å legge ut fleire bilete på den andre. Så no er siste bok av bloggen under produksjon i USA, og etter det blir den sletta..
 
Eg startar med eit innlegg om 4.desember(I går) som er jubileumsdagen min og Frode! I går hadde vi 7 års jubileum!!! Det er lenge det, og lengre blir det :) Han har forresten vore på besøk med meg her i Oslo i nokre dagar, men måtte reise i går. Men fredag er det berre to veker igjen til eg reiser heim til jul!!!! Jippi, kor eg gler meg!
 
 
Velkommen til nye og gamle lesarar :)
 
Håpar fortsatt på kommentarar av og til ;)