Søk i denne bloggen

onsdag 31. juli 2013

31.juli

Tideleg på'an i dag! Vi åt frukost og la oss på stranda. Der låg vi lenge, og det var veldig varmt!! Etterpå gjekk vi i bassenget for å kjøle oss ned.

På veg til rommet byrja det å regne. Det høljregna, fossa ned, blei oversvømmelse i blomsterbedda. Skikkelig sunnmørsver! Det regna resten ta dagen så vi berre åt middag og har brukt resten ta dagen på å blogge!

Sidan vi ikkje har så spanande bilete å vise frå i dag, får dykk sjå myggstikka mine(Veronica) får sjukt mange, som på bileta nedom. Det største har heldigvis gått over. Eg har på meg impregneringsspray på kleda og mygg-rollon på kroppen, og Ane ingenting!! Ho hadde berre 2, mens eg hadde 24!! Men no har ho også fått mange små.

I morgon reiser vi til Kuala Lumpur i Malaysia! Håpar der er mindre mygg;)

Veronica & Ane

30. Juli - Chaweng

Når vi stod opp pakka vi sekken og sjekka ut frå gjestehuset. Vi gjekk ca 5 minutt og kom til eit anna hotell. Der sjekka vi inn og i det vi var på veg til rommet byrja det å regne! Men for eit sjukt fint rom!! Litt forskjell frå det vi hadde..

Vi bestemte oss for å slappe av til regnet gav seg. Når regnet stoppa gjekk vi ut for å ete og sjå oss meir rundt i Chaweng.

På veg tilbake hotellet møtte vi dei tre frå Jersey og avtalte å møte dei seinare. Etter middag gjekk vi ned på stranda for å møte dei. Når dei kom hadde Leanne tatt ei tatovering! Den var veldig kul.

Vi satt og prata med dei ei stund. Nede på stranda går det mange ungar rundt og sel smykker som dei har laga og solbriller laga av lightsticks. Vi fekk høyre at ungane ikkje fekk legge seg før dei hadde tent så og så mykje pengar og selt alt dei hadde. Ungane var veldig påtrengande og ville kose, klemme og prøvde alt muleg for å få oss til å kjøpe. Det blei etterkvart veldig slitsamt.

Veronica & Ane

29. Juli - Chaweng

   

Etter frokost sjekka vi ut frå hotellet og bestilte båt tilbake til Koh Samui.

Koh Phangan var ei veldig fin øy, men for vår del, vart det litt for rolig då vi trenger litt meir liv å røre.

Tilbake på Koh Samui tok vi taxi til gjestehuset vi skulle bu på. Rommet såg heilt greit ut med ein gong, men sengene var ikkje reine og det var mygg overalt. På badet var det også mykje insekt. Dusjen og doen var brun, og vi dusja i lag med maur, kvite edderkoppar og mygg. Greit å ha prøvd, men vi bestemte oss for å bytte hotell dagen etter.

Så utforska vi Chaweng litt. Såg i butikkar og gjekk i gatene. Vi skjønte med ein gong at her var det mykje meir folk! På veg tilbake til rommet ble vi invitert med ut av nokre britar på naborommet. Vi møtte dei litt seinare på kvelden.

Når vi kom til den eine utestaden møtte vi to jenter og ein gut frå Jersey, ei øy mellom England og Frankrike. Vi hang med dei resten av kvelden.

Veronica & Ane

28. Juli - Koh Phangan

   

Planen for dagen var å sole oss, så vi gjekk ned på stranda etter frokost. Vi la oss på sanden, då det var svært få solsenger der. Det var heilt greit, heilt til to fedre og fire gutar kom for å spele fotball. Då vart det litt for mykje sand i trynet for vår del, så vi flytta oss litt lengre bort.

Etter ei lita stund kom det to fuglar som blei svært nærgåande. Eg (Ane) er sjølvsagt ikkje glad i fuglar heller, så etter å ha jaga dei vekk nokre gongar gjekk vi tilbake til hotellet.

På veg tilbake såg vi litt nøyare på nokre pittesmå sandkuler som var overalt på stranda. Plutseleg såg vi nokre veldig små krabbar (på størrelse med ein liten edderkopp) som laga desse sandkulene. Merkelig! Nokon som veit kva det er og kvifor dei gjer det?

Veronica & Ane

27. Juli - Koh Phangan

Vi hadde bestemt oss for å ete frokost på ein kafé i dag og gjorde som planlagt. Vi bestilte omelett. Kort tid etter at vi fekk maten kom biene. Som dei fleste kanskje har fått med seg har eg (Ane) rimelig stor fobi for bier/kveps/humler osv. Eg sette dermed i gang med å gafle i meg maten fortast muleg. Ikkje noko nyting av frokosten i dag med andre ord. Veronica måtte og skunde seg for å halde følge. Vi betalte deretter raskt og gjekk.

Etter den raske frokosten gjekk vi og bestilte båtbillettar til Koh Phangan. Ein taxi skulle hente oss på hotellet og køyre oss til piren der båten skulle gå frå.

Vi sette oss i taxien og han kjørte oss til piren. Der tok vi sekkane våre og gjekk til billettluka med billettane. Dei såg rart på oss og sa at vi skulle til ein anna pir. Typisk!

Då var det å finne ein ny taxi, prute ned prisen til noko brukbart og komme seg til neste pir. Det gjekk heldigvis fint og båtturen var bra.

Vel framme på Koh Phangan tok vi taxi til hotellet og pakka ut på rommet før vi åt lunsj og gjekk ein tur på stranda. På kvelden åt vi middag på hotellet og gjekk til ein anna bar på stranda. Der spelte vi fire på rad mot bartenderen før vi tusla tilbake til hotellet for å legge oss!

Veronica & Ane

26. Juli - Lamai beach

  
Dagen starta bra med strålande sol og blå himmel! Pernille og Aleks hadde ikkje sett så mykje til nesten heilt blå himmel, så dette såg lovande ut!

Vi kom oss på stranda og sola oss (og bada litt). Etter nokre timar følte vi oss ganske raude og gjekk for å ete lunsj og komme oss litt vekk frå den steikande sola. Det viste seg å vere like greitt sidan dei kvite kroppane våre var blitt ganske rosaraude! Heldigvis vart vi ikkje veldig brente og vi hadde vore ganske flinke med solkremen.

På kvelden åt vi middag ilag med Pernille og Aleks før vi gjekk på eit flammeshow på stranda. Litt ute i showet kom ein ung gut, på kanskje 10 år, med europeisk utsjånad. Han hadde to av desse ildkulene og var nesten like flink som thaifolket som hadde showet. Stilig!

Imorgon går turen til Koh Phangan, vi gler oss! Grunnen til at vi har valt Kog Phangan istadenfor Koh Tao er fordi Koh Tao er mykje dyrare, og mykje lengre i frå.

Veronica & Ane

torsdag 25. juli 2013

25.juli, solings

I dag har vi i grunn berre sola oss:) Litt brente har vi også blitt!
Så har Ane prøvd brettet til familien til Aleks! Det var litt morosamt å sjå på;) hehe.. sjå bilete!
Vatnet her er utruleg fint å klart. Har vore i syden mange gongar, men aldri sett så klart vatn før. Varmt og godt var det også med 30 grader.

På kvelden har vi vore på ein Australsk restaurant å ete mat i lag med Pernille og Aleks. Dei reiser heim til Noreg laurdagsmorgon.

I morgon lurer vi på å reise til Koh Tao, som er ei pittelita øy som tar ca. 2 timar med båt.


24. Juli Koh Samui

I dag for vi på jungeltur med Pernille og Aleks for å fare på wire-tur! Det var litt skummelt i byrjinga, men gøy etterkvart:) Fint i jungelen på fjellet også:)

Etterpå for vi på stranda å slappa av. Så for vi heim å chilla meir!

På kvelden tok vi turen til Guiness å høyrte Sham Rock! Thailandsk rockeband som spelte kjente engelske sanga. Anbefalt av Trip Advisor til og med;)