Søk i denne bloggen

tirsdag 23. juli 2013

22.juli, Tigertempel

Dag 3 i Thailand

Idag åt oss frukost og bestilte taxi til Tigertempelet. Det tok ca 3 timar ein veg. Når vi kom fram kjøpte vi billettar og gjekk inn.

Det var forskjellige dyr der. Blant anna gris, kyr, hest, påfugl, geit og noko hjorteliknande. Vi fulgte skilt mot tigrane. Når vi kom til tigrane måtte vi stille oss i lang rekke for å få gå i 10 sekune med tigeren i band. Veldig turistprega opplegg.

Etter det stod vi i over 1 time i kø for å få ta bilete med tigrane. Vi fekk ikkje lov å halde hovudet til tigrane, sjølv om alle andre fekk. Litt kjedeleg, men men.

Vi betalte litt ekstra for å få lov til å mate og kose med babytigrane. Det var tre stk på ein månad og to stk på tre månadar. Veldig søte og leikne. Vi tok fleire bilete og fekk halde, mate og kose. Dette var absolutt høgdepunktet.

For vår del blei Tigertempelet altfor turistprega. Det er muleg at det er fordi vi har vore på safari i Afrika og sett korleis dyra har det i naturen, men det er vanskeleg å seie. Det er sjølvsagt imponerande med dei store kattedyra som er så rolege og snille, men alle turistane og opplegget der gjorde at vi ikkje synes det var så bra. Mating og klapping av tigerbabyar var eit stort pluss og noko vi likte godt.

Deretter bar det tilbake til taxien og 3 timar køyring før vi var tilbake på hotellet. Der tok vi ein dusj og gjekk ut for å ete middag. I tillegg har vi bestilt flybillettar til i morgon! Då flyg vi til Koh Samui. Der skal vi og møte to vener av meg (Ane) frå Forsvaret. Det blir kjekt.

Har du berre eit par dagar i Bangkok anbefalar vi ikkje å nytte ein av desse dagane på å reise til tigertempelet. 6 timar køyring totalt og 2/3 var å stå i kø for å ta bilete med sløve tigrar. Vi synes ikkje det var verdt det.

Veronica & Ane

2 kommentarer:

  1. Oj oj for nokre fine kattar.stakkars dyr som blir dopa.
    Mor Edda

    SvarSlett
  2. Veit dokke kaffør tigerane va der? Søns synd i dei ej :/

    SvarSlett