Søk i denne bloggen

mandag 22. juli 2013

17.juli

Dag 6 i Kenya

Dagen starta som vanleg med frukost kl 0600. Utenom det blei det ingen vanleg dag.

Vi hadde avreise kl 0700, men trucken hadde eit punktert dekk og vi blei dermed 20 min forsinka. Det var forsåvidt greitt nok.

Så køyrde vi rundt i time etter time på leit etter løver. Vi såg sjølvsagt andre dyr på vegen, men etter ei veke i Afrika er det ikkje like spennande å sjå sebraer og antiloper - utruleg nok. Til slutt såg vi to døde gnuar som låg på ei slette. Den observante trucksjåføren, Joel, såg då ei løve i strågraset og viste den til oss.

Løva låg og observerte ein stor flokk av sebraer og gnuar. I ei busk ved sidan av løva låg der ei anna løve og ein løveunge. Kult!

Etter litt så køyrde vi vidare og ca. kl.1400 ankom vi ein plass der vi kunne gå tur og sjå flodhestar og krokodiller. Her skulle vi og ete lunsj. Det var veldig varmt der og på veg tilbake frå turen fekk Veronica astmaanfall. I tillegg til varmen var det 8 timar sidan forrige måltid og mykje støv i lufta sidan det nesten var ørken ute. Ein kombinasjon av dette gjorde at Veronica fekk astmaannfall.

Tim tok Veronica på ryggen og sprang tilbake til bussen, eg sprang føre for å hente medisinen. Når vi kom til bussen var det invadert av bier der. Eg har fobi for bier, humler og kveps, men prøvde å leike tøff.

Veronica fekk medisinen sin, og blei betre, medan eg prøvde å stå i ro for å unngå stikk. Det eg ikkje fekk med meg var bia som kraup innie i handa mi. Eg greidde å knipe att handa, og då stakk ho. Dermed fekk eg litt panikk og begynte å grine.

Alle sprang rundt og var redde for å bli stukke av biene. Heldigvis fekk vi pakka alt på trucken og reist derifrå. Dessverre var det og ein del bier inne på trucken. Det gjekk heldigvis bra og berre ei til blei stukke.

Vi køyrde så rett tilbake til leiren og åt lunsj der. Då var det 11-12 timar sidan forrige måltid. Veronica var sliten etter astmaanfallet så vi gjekk til teltet vårt og la oss på senga. Da kom Tim med cola og vatn til oss! Tim og Line er to nordmenn vi har blitt kjent med, dei fungerte litt som våre reserveforeldre og passa på oss under heile safarien. Heldigvis for oss ;)

Veronica & Ane


3 kommentarer:

  1. Aww, så misunnelig på alle som får sett løver :)) Ser ut som dokke har hatt en flott tur så langt, med et par små unntak. Hehe.

    SvarSlett
  2. De va då voldsomt te action dokke sku ha på dinna turen dokka! Men bra alt ordna sej :) Heldige so fekk sjå løve ja! :) Haha, de va de ej sa dokkr kom te å bli "lei" ta å sjå diverse dyr, rart ditta der.. Sønst dokke e flenk so klare p blogge frå kvar dag! Kos dokke i thaaaailaaand!

    May-Liss

    SvarSlett
  3. ...og jeg tenker det var bra den bilen ikke punkterte senere på dagen...

    SvarSlett