Søk i denne bloggen

mandag 22. juli 2013

20. Juli, 1.dag i Thailand

Dag 1 i Thailand

Flyet landa i Bangkok ca kl 08:00 lokal tid (+5 timar frå Noreg og +4 timar frå Kenya). Vi blei henta på flyplassen og kjaurt direkte til hotellet. Dessverre fekk vi ikkje sjekka inn før kl 12:00, men då brukte vi tida og internettet på å blogge alt det vi ikkje fekk til i Afrika.

Klokka 12:00 fekk vi sjekke inn og da tok vi oss ein dusj og slappa litt av.

Neste på planen var å gå litt i byen og bli kjent. I tillegg måtte vi ha oss mat. Vi fann oss ein koseleg restaurant og bestilte nudla med scampi. Sterkt, men godt!

Etter det fann vi ein frisørsalong og tok ein time fotmasasje. Deilig :)

Vi fekk litt informasjon om Bangkok på hotellet. Det første og kanskje viktigaste, IKKJE bruk rosa minibankar, dei et kortet ditt. I tillegg skal du ikkje ha føtene på bord eller stolar då det er uhøffeleg sidan folk går barbeint eller med flipflops ofte. Kongen i Thailand er veldig sjuk og døyr truleg snart, difor skal du ikkje snakke om han då det er eit sårt tema.

Ein skal heller ikkje slå kvarandre i hovudet, gå i bikini eller kysse/kline offentleg. Med andre ord, ganske lett for vår del.

Om ein thai tek kontakt med deg er det som oftast noko gale. Likeeins om ein thai er veldig god i engelsk og prøver å prate til deg på gata. Desse vil berre at du skal ta ein billeg tuk-tuk (på ein måte ei sykkeldrosje) som stoppar ved alle småsjapper i heile byen. Dette bruker opp tida og dagen din.

Desse folka møtte vi på stortsett alle gatehjørner, men vi har ikkje blitt lurt enda ;)

Det er visst ei myte at ein ikkje kan ete mat på gata i Thailand. Ein må likevel vere forsiktig. Kjøp ikkje mat som har vore i sola lenge, eller du ser er dårleg. Mat som blir laga slik at du ser på er heilt ok.

Vi avslutta dagen tidleg for å havne på rett kjøl søvnmessig.

Veronica & Ane

1 kommentar:

  1. Kom dokke til Bangkok ja:)
    Artig å følge med på turen på bloggen, å synst dokke he tatt mange fine bilde:) ser ut som en konge tur:)

    Anders

    SvarSlett