Søk i denne bloggen

søndag 21. juli 2013

15.juli, Masai Mara

Dag 4 i Kenya

Leiren i Naivashi blei pakka ned og frokosten ete før klokka 0700. Så sette vi kursen for Loita Hills og ein masai-landsby. Bussturen tok ca 4 timar og undervegs stoppa vi for å kjøpe vatn og snacks for dei neste tre dagane.

Når vi kom fram stod det fem masaiar og venta på oss. Dei viste oss til teltplassen, slik at vi fekk sett opp teltet. Det var veldig varmt, så vi fekk nokre timar til å slappe av før vi skulle gå ein tur.

Masaiane fortalde at dei trur på naturen og at dei lagar medisin frå naturen når dei blir sjuke. Vi såg blant anna ei stor aloe vera plante og fekk høyre om nkre kaktusplantar eg ikkje huskar namnet på.

Dei sa at av den eine kaktusen så fekk ein mareritt dersom ein stakk seg på den. Før eg la meg den kvelden (Ane), tok eg ut ein torn frå foten min, og fekk veldig mareritt! Rart.

Vidare fekk vi vite om tradisjonar o.l. Dei et feks berre sau, geit og ku. I tillegg drikk dei mjølk og blod. Ein av tradisjonane deira går også på at dersom eit dyr drep eit menneske, må dei drepe det dyret for å lære det at det ikkje er greit å drepe menneske.

Den eine masaien som følgde oss hadde nokre merker på skuldra han sa at han hadde fått dei etter å ha drept to løver. Den eine løva hadde komt til landsbyen. Da hadde han først slått den med ei slegge,så med spydet sitt og deretter med kniven sin før den døydde.

Etter middag reiste nokre av oss på nattsafari. Det einaste tøffe vi såg der var ein bushbaby (en liten apekatt) og ein afrikansk kenguru. Kenguruen likna på ei blanding av kanin og ekorn. I tillegg såg vi rev og kanin.
Til slutt tok dei oss med til ei varm kjelde. Det var heilt klart vatn, og det kokte! Veldig kult.

Veronica & Ane

2 kommentarer:

  1. Det høres ut som døkk lære mye. Kjempefine bilder. Her vakna eg tå sola i dag så nå er det fryd og ferie. Gudbrandsdalen nekst.God tur vidre.
    Mor Edda

    SvarSlett
  2. Sinnesykt flotte billeder, gledjer meg til mer opdatering fra turen.

    SvarSlett