Søk i denne bloggen

fredag 19. juli 2013

13.juli del 2

Dag 2 i Nairobi - del 2!

Etter at leiren var rigga og lunsjen fortært lasta oss inn i trucken for å køyre safari rundt Lake Nakuru. På safarien fekk vi sjå bavian, giraff, sebra, nasehorn, flamingo, bøffel, gaselle, andre type antilope, forskjellige aper og fuglar.

Noko vi ikkje visste frå før er at antilope berre er ein samlebetegnelse på dei forskjellige "hjortedyra". Det er med andre ord ikkje ein type antilope, men veldig mange.

På den eine plassen vi stoppa for dopause og utsikt hende det noko morosamt. Det var mange bavianar der, og plutseleg kom ein av dei inn i bussen. Det var berre to stk att i bussen, men eg trur dei fekk seg eit sjokk. Bavianen stal bananane våre før han sprang ut igjen.

På det eine biletet kan dokke sjå ein bavian med munnen full av banan.

Veronica & Ane

1 kommentar:

  1. Synes du kunne ha sladdet tissetassen til den bavianen da, Veronica! *knis*

    SvarSlett