Søk i denne bloggen

lørdag 18. mai 2013

17. mai


FOR EIN FIN 17.MAI !!!

Eg inviterte mine beste venninder til Champagnefrukost/17.mai-frukost, men på grunn av eksamenstid var det fleire som ikkje kunne kome. Men eg, Frode, Ane og Sigrid kosa oss likevel :)
Sigrid hadde med spekemat og Ane hadde laga oreokake :)


Dette er ofte den einaste dagen i året eg får brukt bunaden om det ikkje er konfirmasjonar, så då er det veldig viktig å få bruke den. Men mamma og pappa er i Tyrkia, og bunadssølvet mitt var i safen... IIIIiiiik....Der kom ikkje eg meg inn.
Eg kom heldigvis på at Ane skulle ha på seg militær-uniform for ho skulle halde tale, og heldigvis fekk eg låne bunadssølvet hennar! Takk til Ane!


Kake og rosèvin til frukost ;)


Vi hang oss på toget frå vegen, der vi møtte Solveig og Karoline :)

Bilete til venstre er tatt i toget, mens bilete til høgre er vi inne på Kvileheimen.
Karoline, meg, Sigrid, Solveig, Torbjørn og Eli.

 På skulen var det leikar inspirert av vinn på minuttet.
Vi klarte alt utanom då Sigrid skulle kaste papirfly i ei bøtte ;) hihi..

 
Sigrid, Eli og Even
Her sit vi inne for å sjå årets 17.mai program.

Meg og Frode :)

Her fekk eg så vidt knipsa av nokon av bilane som for forbi under 17.mai cruisinga :)