Søk i denne bloggen

onsdag 27. februar 2013

60 års feiring av pappa

Like fint vêr i Bergen når vi kom og når vi for heim.
Dette bilete tok eg frå hotellrommet til mamma og pappa. Svære vindauge frå golv til tak på business-rommet på Radisson Blu hotellet. Hærleg utsikt.


Fredag 22.februar var pappa 60 år. Vår gode, snille og aller beste pappa. Vi feira på retauranten To kokker på Bryggen. MMMmm, god mat var det i alle fall. Ikkje mindre enn 4-retters middag.

Asbjørn, søste, pappa, mamma og bror ventar på mat.

Asbjørn og søste

Meg og bror

Eg hadde laga både dikt og "quiz" til pappa. 

Kjære snille pappa'n vår.
Tenk no er du 60 år.
Samlet vi er på din store dag,
for å hylle deg i festleg lag.

Dei åra som har gått frå vi var små,
er ei glede å sjå tilbake på.
Du gav oss tryggleik på livets veg,
og vi kunne alltid stole på deg.

Arbeid var og er din tid
Men du var alltid blid
Vi har lært mykje av deg
og vi var alltid viktige for deg

Du er eit godt forbilete
Dine eigenskapar er ei god kjelde
Du gir oss  alt vi trenger
Ikkje berre i form av pengar
Du gir oss omsorg, varme og kjærleik
Og ein ting er sikkert at vi veit
Du betyr så veldig mykje for oss
Vi er kjempeglad i deg




Her fekk han dessert med gratulasjon :) Korleis visste dei dette?? kom det frå pappa :)
Bilete over er av farfaren og dei to barnebarna. og diktet eg skreiv til høgre.

Han fekk også Riga-tur av arbeidarane sine som falt i veldig god smak.

Og til dei som hjalp meg med quizen, så var det god latter og god stemning rundt bordet.
Tusen takk :)

Rørt til tårar i augekroken fleire gongar ;)



Laurdagen var det også strålande vêr. Eg er godt fornøgd med at det alltid er fint vêr når eg er i Bergen!
Dagen gjekk til shopping og kos i byen.

Her har vi komt oss på Potetkjellaren for 3-retters middag.


Pappa og mamma


Søste og Asbjørn

Forrett

Familien <3


Mamma,pappa og bror reiste på søndag.
Mens eg hadde planlagt å ver igjen til måndag med søste. Søste var sjuk heile helga, men hang så vidt med på middagane. Måndag gjekk eg meg ein tur til byen. Sjå kor fint. Müslibolle med brunost og kaffi i sola var heilt perfekt.



Og sjekk himmelen sett frå flyet! Eg var litt seint ute med å få opp kameraet, men det var verkeleg stryketusj-oransje himmel!


mandag 18. februar 2013

fredag 15. februar 2013

Karsten og Petra

Hei!

Eg veit ikkje kor mange småbarnsforeldre som les bloggen min, men nokon er det vel, håpar eg.

Eg må då berre reklamere litt for denne filmen. 7 år gamele "Karsten" eller Elias som han heiter har eg klipt håret til. For ein nydeleg gut. Han er så veloppdratt og hærleg :) 
 Såg dei også på Senkveld no! *smelt* :)


Her kan du lese litt om filmen:

"Karsten og Petra blir bestevenner" er en fargerik, glad og fantasifull film basert på Tor Åge Bringsværds kjente barnebøker. Sammen med Frøken Kanin og Løveungen drar Karsten og Petra på små og store eventyr, men en dag blir Frøken Kanin borte…

5-åringene Karsten og Petra går i samme barnehage. Vi følger de to i hverdagen med deres livlige og underfundige kosedyr Frøken Kanin og Løveungen. Frøken Kanin er Petras snusfornuftige kosedyr. Petra fikk henne i gave fra pappaen sin da hun var veldig liten. Ingen kjenner Petra bedre enn Frøken Kanin. Hun vet at Petra noen ganger kan ta litt for store sjanser. Derfor passer Frøken Kanin på og prøver å holde henne unna farlig situasjoner.
Løveungen er kosedyret til Karsten. Han er Karstens aller beste venn. Etter Petra så klart. Løveungen er laget i Kina. Han er egentlig en tøffing som har perfekt nattsyn og kan karate. Så når Karsten er redd, passer Løveungen på. Heldigvis er han flink til å høre etter når Karsten har noe han vil snakke om også.

onsdag 13. februar 2013

Hjarte


Her ein dag hadde eg ei skummel, men fin oppleving på jobb.

Ei dame med langt brunt hår var innom salongen, og ville ha litt råd og tips til kva ho skulle gjere med frisyra.
Vi kika i bøker og diskuterte litt. Eg hadde fullt den dagen, men endte med at ho satt opp time ein annan dag. Og fekk i oppgåve å bli inspirert av blad og internett.

Ei utruleg søt og uskyldig dame satt seg i stolen framfor meg. Ei nybakt mor som mista mykje hår og ville ha ei forandring. Ei dame med langt, eigentleg tjukt hår, men tynt på toppen på grunn av amming. Vi hadde snakka om skulderlengde, men eg sa at ho ikkje måtte låse seg fast der. 
Så synte ho meg bileter. Bileter av kort hår og litt lengre, men over kjevebeinet i front. 
Etter mykje diskutering og forklaring bestemte vi oss for ein kort klipp versjon med mykje hår i front og ein del hår på krona så ho fekk følelsen av at ho hadde litt hår, men samtidig kort og røft. Ein miks av bileta ho synte meg for å få det slik ho ville. Eg verken kjente ho, hadde sett ho før, visste kva personlegheit ho har eller kva jobb ho har. Eg måtte gå ut i frå det ho hadde synt meg på bilete, noko passa til ansiktet, stilen og førsteinntrykket.

Eg klipte 20 cm eller meir som eg haldt i handa mi, og som ho fekk ta bilete av å sende til venane sine, då ho ikkje hadde fortalt det til nokon. 

Dette er skummelt, tenkte eg. Enten blir det suksess eller så blir det katastrofe og ho angrar som berre det.
   
Men då eg hadde klipt hestehalen, og ho fekk ein rar bob satt ho heldigvis og smilte.
Ho spurte mange spørsmål undervegs, og eg forklarte og spurte spørsmål for å finne ut kva ho likte og ikkje.
 Når vi var ferdige satt ho berre å smilte. Ho blomstra av sjølvtillit, og eg kjente det bobla inni meg av glede og lettelse.

Sidan det var første og siste gang eg fekk klippe ho sa eg når eg gav ho jakka: ååå, kunne ynskje eg fekk vite kva mannen din seier!!
Kunden: Eg kan sende deg ei melding!! 

Seinare på kvelden fekk eg den hærlege meldinga:

Hei, Veronica! Jeg har fått så mange komplimenter for sveisen i dag! Samboeren min hadde "donaldreaksjon" hvor øynene nesten datt ut av hodet hans, og han har bare skrytt av hvor fin jeg er. Og jeg er om det er mulig enda mer fornøyd enn hva jeg var da jeg gikk fra salongen i dag. Ha en fin lørdagskveld!



mandag 11. februar 2013

Grove pannekaker


Mi favorittoppskrift på grove pannekaker:

Ca. 10 pannekaker.

2 dl hv.mel
2 dl grovt sammalt hvetemel
0,5 dl grovt rugmel
1 ts salt

6 dl melk (eg brukar ekstra lett mjølk)
3 store egg (evt. 4 små)
2 ss margarin (eg brukar vita hjartegod flytande)

Bland egg og melk før du tilsetter gradvis det tørre - så slepp du mjølklumpar :)


Håpar det smakar ;)

lørdag 9. februar 2013

Gebursdag


 I går, 8.februar vart eg 22 år gammal. Denne dagen gjekk for det meste til jobb(11-20), men med kake og mange hyggelege meldingar så vart dagen veldig fin :)
Ja tenk at eg fekk kake!! Eg var nemleg litt redd for å ikkje få ete kake.. Men det sørga Kajin for! Snille, snille Kajin kom med oreokake med masse nonstop, og den smakte fantastisk :)


 Her er ei av dei koselege meldingane eg fekk :) Eit gammalt bilete av meg og May-Liss :)

Når Jannicke byrja på jobb kom ho med brownies og dette kortet til meg:

 <3

 Andre sida.
Tusen hjarteleg takk Jannicke!! <3


I dag, laurdag har eg også vore på jobb. Men etter jobb vart eg invitert til Heidi. 
Med Heidi fekk eg servert lasagne, salat, kvitløksbaguettar, kake og vin. Wow, det var godt!!!
Ikkje nok med det, men ho hadde gebursdagsgåve til meg :D
Sjekk denne fine "lykta"! :)
Tusen hjarteleg takk Heidi for alt <3



Slik ser ut 22 år gammal ;)

torsdag 7. februar 2013

Helga som var!


 Ja no er det no ny helg straks, men eg tok litt bileter forrige helg.
På bilete over er Jannicke godt planta i sofaen på laurdagskvelden :) Vi laga grov pizza og greier! Nydeleg godt :)

Søndag for eg og Heidi på Hår og Skjønnhetsmesse i Oslo Spektrum.


Her har Cutrin show på scena






På måndag var eg å bestilte meg briller! Berre "konsentrasjonsbriller" heldigvis.
Så var eg på Oslo City ein tur då denne lyste opp rett framfor meg:

Han har eg klipt håret til ;)
Hihi.. Søte guten :)

lørdag 2. februar 2013

Mine planar


 2013
 Det blir eit nytt og spennande år. 

  • Eg skal flytte til Ålesund.
  • Eg skal i ny jobb
  • Eg skal REISE !!!
    Eg og mi venninde Ane skal reise litt rundt i verda
 Tenkte eg skulle fortelle litt om denne fantastiske reisa vi skal ut på 11.juli-13.september ;)
2 månadar, Oh yes.

Afrika, Asia og Oseania
  
Kenya
12. juli er vi framme i Kenya der vi skal bu 1 natt på hotell i Nairobi (hovudstaden i Kenya), før det ber ut på 5 dagers safari. Då skal vi oppleve Lake Nakuru National Park, Lake Naivasha, Valley Rift, Green Crater Lake, Serengeti National park, Mara River, villdyrliv, kultur og mykje meir ;)
Vi avsluttar med ei natt på hotell i Nairobi før vi 19.juli reiser vidare til...

Thailand
 Då skal vi vere to netter i Bangkok for å utforske, før vi 22.juli-30.juli skal reise litt rundt i Thailand.
Dei dagane har vi lyst til klatreparadiset Krabi, til vestøya Koh Lanta og kanskje fleire.
Den 30.juli må vi vere på den vestlige øya Koh Tao, for då skal Ane byrja på dykkarkurs som varar i 5 dagar. Så skal vi ta fly frå øya Koh Samui 8.august til...

Malaysia
Vi skulle likevel mellomlande her, så då ville vi sjå byen også. 3 netter i Kuala Lumpur før vi reiser 11.august vidare til...

Indonesia
På Bali skal vi vere til 21.august. Då skal vi også reise rundt. Vi skal blandt anna besøke den kjente plassen Lombok. 22.august er vi framme i...

Australia
Vi skal vere i Sydney frå 22.august til vi bestemmer oss for å fare med buss eller tog vidare til Brisbane. På turen mellom dei to byane er det visst veldig mykje å sjå. Så blir det vidare frå Brisbane 3.september til...

Fiji
 Fiji Fling 9 days, 8 nights, 4 islands 1 Coconut Package - Dorm.
Super avsluttning før ei laaaaaang flyreise heim til...

Norge
Vi gledar oss noko enooormt!
 

Så no er eg spent på kven som er inne på bloggen min.. ;) 
kven trykkar på kommentarfeltet og skriv noko til meg ;)


fredag 1. februar 2013

Beauty


I dag fekk eg plutseleg ein mail.

Som dykk kanskje hugsar, var eg med i konkurransen Årets Frisør. I denne anledninga brukte eg ein fotograf i Ålesund. Det var Aida Urkedal, Aida foto som tok bileta mine. Bilete over her vann eg visst i julekalendaren hennar! Det er stas! :) Fine Jeanette.