Søk i denne bloggen

onsdag 27. februar 2013

60 års feiring av pappa

Like fint vêr i Bergen når vi kom og når vi for heim.
Dette bilete tok eg frå hotellrommet til mamma og pappa. Svære vindauge frå golv til tak på business-rommet på Radisson Blu hotellet. Hærleg utsikt.


Fredag 22.februar var pappa 60 år. Vår gode, snille og aller beste pappa. Vi feira på retauranten To kokker på Bryggen. MMMmm, god mat var det i alle fall. Ikkje mindre enn 4-retters middag.

Asbjørn, søste, pappa, mamma og bror ventar på mat.

Asbjørn og søste

Meg og bror

Eg hadde laga både dikt og "quiz" til pappa. 

Kjære snille pappa'n vår.
Tenk no er du 60 år.
Samlet vi er på din store dag,
for å hylle deg i festleg lag.

Dei åra som har gått frå vi var små,
er ei glede å sjå tilbake på.
Du gav oss tryggleik på livets veg,
og vi kunne alltid stole på deg.

Arbeid var og er din tid
Men du var alltid blid
Vi har lært mykje av deg
og vi var alltid viktige for deg

Du er eit godt forbilete
Dine eigenskapar er ei god kjelde
Du gir oss  alt vi trenger
Ikkje berre i form av pengar
Du gir oss omsorg, varme og kjærleik
Og ein ting er sikkert at vi veit
Du betyr så veldig mykje for oss
Vi er kjempeglad i deg




Her fekk han dessert med gratulasjon :) Korleis visste dei dette?? kom det frå pappa :)
Bilete over er av farfaren og dei to barnebarna. og diktet eg skreiv til høgre.

Han fekk også Riga-tur av arbeidarane sine som falt i veldig god smak.

Og til dei som hjalp meg med quizen, så var det god latter og god stemning rundt bordet.
Tusen takk :)

Rørt til tårar i augekroken fleire gongar ;)



Laurdagen var det også strålande vêr. Eg er godt fornøgd med at det alltid er fint vêr når eg er i Bergen!
Dagen gjekk til shopping og kos i byen.

Her har vi komt oss på Potetkjellaren for 3-retters middag.


Pappa og mamma


Søste og Asbjørn

Forrett

Familien <3


Mamma,pappa og bror reiste på søndag.
Mens eg hadde planlagt å ver igjen til måndag med søste. Søste var sjuk heile helga, men hang så vidt med på middagane. Måndag gjekk eg meg ein tur til byen. Sjå kor fint. Müslibolle med brunost og kaffi i sola var heilt perfekt.



Og sjekk himmelen sett frå flyet! Eg var litt seint ute med å få opp kameraet, men det var verkeleg stryketusj-oransje himmel!


1 kommentar: