Søk i denne bloggen

lørdag 9. februar 2013

Gebursdag


 I går, 8.februar vart eg 22 år gammal. Denne dagen gjekk for det meste til jobb(11-20), men med kake og mange hyggelege meldingar så vart dagen veldig fin :)
Ja tenk at eg fekk kake!! Eg var nemleg litt redd for å ikkje få ete kake.. Men det sørga Kajin for! Snille, snille Kajin kom med oreokake med masse nonstop, og den smakte fantastisk :)


 Her er ei av dei koselege meldingane eg fekk :) Eit gammalt bilete av meg og May-Liss :)

Når Jannicke byrja på jobb kom ho med brownies og dette kortet til meg:

 <3

 Andre sida.
Tusen hjarteleg takk Jannicke!! <3


I dag, laurdag har eg også vore på jobb. Men etter jobb vart eg invitert til Heidi. 
Med Heidi fekk eg servert lasagne, salat, kvitløksbaguettar, kake og vin. Wow, det var godt!!!
Ikkje nok med det, men ho hadde gebursdagsgåve til meg :D
Sjekk denne fine "lykta"! :)
Tusen hjarteleg takk Heidi for alt <3



Slik ser ut 22 år gammal ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar