Søk i denne bloggen

onsdag 13. februar 2013

Hjarte


Her ein dag hadde eg ei skummel, men fin oppleving på jobb.

Ei dame med langt brunt hår var innom salongen, og ville ha litt råd og tips til kva ho skulle gjere med frisyra.
Vi kika i bøker og diskuterte litt. Eg hadde fullt den dagen, men endte med at ho satt opp time ein annan dag. Og fekk i oppgåve å bli inspirert av blad og internett.

Ei utruleg søt og uskyldig dame satt seg i stolen framfor meg. Ei nybakt mor som mista mykje hår og ville ha ei forandring. Ei dame med langt, eigentleg tjukt hår, men tynt på toppen på grunn av amming. Vi hadde snakka om skulderlengde, men eg sa at ho ikkje måtte låse seg fast der. 
Så synte ho meg bileter. Bileter av kort hår og litt lengre, men over kjevebeinet i front. 
Etter mykje diskutering og forklaring bestemte vi oss for ein kort klipp versjon med mykje hår i front og ein del hår på krona så ho fekk følelsen av at ho hadde litt hår, men samtidig kort og røft. Ein miks av bileta ho synte meg for å få det slik ho ville. Eg verken kjente ho, hadde sett ho før, visste kva personlegheit ho har eller kva jobb ho har. Eg måtte gå ut i frå det ho hadde synt meg på bilete, noko passa til ansiktet, stilen og førsteinntrykket.

Eg klipte 20 cm eller meir som eg haldt i handa mi, og som ho fekk ta bilete av å sende til venane sine, då ho ikkje hadde fortalt det til nokon. 

Dette er skummelt, tenkte eg. Enten blir det suksess eller så blir det katastrofe og ho angrar som berre det.
   
Men då eg hadde klipt hestehalen, og ho fekk ein rar bob satt ho heldigvis og smilte.
Ho spurte mange spørsmål undervegs, og eg forklarte og spurte spørsmål for å finne ut kva ho likte og ikkje.
 Når vi var ferdige satt ho berre å smilte. Ho blomstra av sjølvtillit, og eg kjente det bobla inni meg av glede og lettelse.

Sidan det var første og siste gang eg fekk klippe ho sa eg når eg gav ho jakka: ååå, kunne ynskje eg fekk vite kva mannen din seier!!
Kunden: Eg kan sende deg ei melding!! 

Seinare på kvelden fekk eg den hærlege meldinga:

Hei, Veronica! Jeg har fått så mange komplimenter for sveisen i dag! Samboeren min hadde "donaldreaksjon" hvor øynene nesten datt ut av hodet hans, og han har bare skrytt av hvor fin jeg er. Og jeg er om det er mulig enda mer fornøyd enn hva jeg var da jeg gikk fra salongen i dag. Ha en fin lørdagskveld!



3 kommentarer:

  1. Ååå, for ein fin opplevelse!:) Blei nesten litt rørt her ej set... Du e flenk:)

    SvarSlett
  2. Hihi.. Ja de va en fin opplevelse :)

    SvarSlett