Søk i denne bloggen

søndag 1. september 2013

1. september - reisa heim

 
Når vi ankom Hong Kong tenkte vi sjølvsagt ikkje på at det var søndag. Kontoret til Qatar åpna dermed ikkje før klokka 15:00 fekk vi beskjed om. Vi gjekk å sjekka om vi fekk oss hotellrom, så vi fekk sove litt, men det var fullt. Heldigvis gjekk vi og spurte om Qatar ein gong til, og då fekk vi vite at vi kunne kome tilbake klokka 12:00.
Klokka 12:00 møtte vi opp for å få endra billettane våre. Ein svært hyggeleg, ung mann hjalp oss og videreformidla problemet vårt til Qatar Airway sitt kontor. Til slutt så reserverte han plassar på eit fly som skulle gå klokka 01:20, 2. september.
Deretter fulgte han oss til en lounge som vi betalte oss inn i. Der fekk vi dusja og slappa av ei stund. Ti timar seinare gjekk vi for å sjekke inn. Då fekk vi vite at vi var på standby og måtte vente to timar til før det var sikkert at vi fekk plass.
Nervøse kom vi tilbake to timar seinare. Der fekk vi den fantastiske beskjeden om at vi fekk plass på fly heilt heim til Oslo! Juhuuu!!!!
Etter 32 timar på Hong Kong airport var vi veldig klare for å kome oss på flyet, og dei 8 timane det tok å flyge til Doha sov vi godt igjennom.
No sit vi i Doha og ventar på å få ta flyet til Oslo! Om berre 7 timar landar vi i Noreg! :D det har allereie blitt 2. september, og eg (Ane) skulle eigentleg ha vore på jobb i dag.
Reisa som eigentleg skulle ta 40 timar har no tatt nærare 80 timar!!! Vi er slitne, men glade for at alt har ordna seg.
Veronica & Ane

31. august - reisa heim

Etter frukost på hotellet tok vi taxi til flyplassen. Der stilte vi oss i ei lang, lang kø for å sjekke inn. Når det endeleg blei vår tur fekk vi beskjed om at flyet var fullt. Dei lurte på om vi kunne bli eit par dagar ekstra, noko vi sa at vi ikkje kunne.

Etter mykje om og men hadde dei diskutert og styra så mykje at flyet vi skulle ta hadde reist. I tillegg til oss var det ca 10 andre som heller ikkje kom med, fordi flyet var overbooka.

Det enda med at dei sendte oss til Sydney, slik at vi kunne fortsette reisa derifrå. Utfordringa vår var at vi skulle flyge med Pacific Air frå Fiji til Hong Kong, så med Qatar Airways frå Hong Kong til Doha og Doha til Oslo. Det dei som sendte oss til Sydney ikkje sa til oss var at Qatar ikkje har kontor i Sydney...

Fortvila fann vi skranken til Pacific Air og forklarte kva som hadde skjedd. Dei var først lite imøtekommande, men etter kvart ville dei hjelpe oss. Det viste seg at dei som hadde sjekka oss inn i Fiji hadde sjekka ein av oss (mest sannsyneleg Veronica) inn som Anastasia Likesovich eller noko liknande. I tillegg hadde dei gjort slik at resten av billettane vår var ugyldige.

Med andre ord: vi befann oss i Sydney, utan flybillett heim.

Heldigvis kom det ein mann frå Pacific Air som var veldig hyggeleg. Han likte ikkje tanken på å sende oss til Hong Kong aleine, så han sjekka om British Airways hadde noko ledig til London. Det hadde dei dessverre ikkje. Men til slutt fekk dei åpna billettane våre igjen, samt booka fly til Hong Kong. Vi venta i 10 timar til saman i Sydney. Så var det ein 9,5 timers lang flytur til Hong Kong.

Og som om ikkje det var nok styr blei Veronica veldig dårlig! Hurra... Medan vi venta på flyet spydde ho fleire gongar og hadde voldsomme kvalmebyger. Lat oss håpe lykka er med oss i Hong Kong!!

Veronica & Ane

30. august - Nanuya Lailai, Fiji

Vi blei vekka klokka 0600 av mannen i huset, slik at vi skulle få sjå soloppgangen.

Etter frokost tok vi båt til desse holene i fjellet. Der snorkla eg (Ane) og Bonnie. Vi fekk og gå gjennom ei smal sprekke i fjellet, inn i ei ny hole. Der var det heilt mørkt. Ein kjem seg berre inn i denne hola når det er lavt vatn, eller fjøre om du vil.

Vell tilbake på resorten pakka vi sekken, åt lunsj og satte kursen mot den gule båten som skulle ta oss til fastlandet igjen.

På hotellet blei vi igjen innlosjert på 40manns-rom. Der tok vi ein varm dusj (digg!!!), før vi åt middag saman med Bonnie og Chad, samt Venera frå Noreg.

I morgon starter den 40 timers lange reisa heim! Juhu!

Veronica & Ane

29. august - Nanuya Lailai, Fiji

Planen var å ta ein båt til nokre holer i fjellet som vi kunne snorkle i. Ved frukosten fekk vi vite at den var utsatt til dagen etter.

Bonnie og Chad reiste da for å snorkle ved skilpaddeøya. Like ved skilpaddeøya er det ei øy der kjendisar ofte ferierar. Britney Spears var for eksempel der for to år sidan. Filmen "Blue Lagoon" blei og filma i området.

Eg og Veronica nytta anledninga til å sole oss. Vi møtte eit pensjonert par frå Nederland som hadde seila frå Nederland. Dei hadde brukt tre år på turen, men satte av og til igjen båten i ei havn for å reise heim til familie og venar i eit par månadar. Høyrtest veldig spanande ut!

Vi besøkte "Tea-house" i dag og. Ho hadde sagt at ho skulle bake sjokoladekake, så dei to sjokomanane (Chad og Veronica) blei skuffa då ho berre hadde banankake i dag og. Etter at banankaka var fortært tok eg, Veronica og Bonnie turen til andre sida av øya.

Der såg vi på solnedgangen. Vi hadde gått over fjellet til, så vi fulgte stranda tilbake. Vi rakk det akkurat før det blei mørkt!

Etter middag blei vi setande å prate ei god stund før eg leitte fram kortstokken og vi lærte dei to amerikanarane "vri åtter". Chad var ein meget dårlig taper, så vi måtte spele nokre omgongar slik at han fekk vinne ein gong.

I morgon er det tilbake til fastlandet!

Veronica & Ane

28. august - Nanuya Lailai, Fiji

Det blei langbord til frokost i dag og. Veldig kjekt.

Vi slappa av i hengekøya medan vi venta på båten til Nanuya Lailai og Gold Coast Resort.

Vell framme blei vi her, som dei andre to plassane henta i ein liten trebåt og køyrt til resorten. Denne øya var så langt nord som selskapet Yasawa Flyers gjekk. Mannen i huset på denne resorten fortalte oss ei historie om  at haiar har veldig god hukommelse.

Det var nokre gutar frå Fiji som hadde vore å dykka. Ein av dei prøvde å drepe ein hai, men greidde det ikkje. Ei god stund seinare var denne guten ute å dykka igjen med ein gjeng gutar. Plutseleg kom den haien han hadde prøvd å ta livet av. Haien angreip kun den eine guten og lot resten i fred! Slik som elefantane vi høyrte om i Afrika.

Derfor måtte vi berre la haien vere i fred om vi møtte på ein når vi var ute å snorkla eller svømte... Ja, kva ellers liksom?

Vi tilbringa dagen saman med Bonnie og Chad. Nils frå Sveits var og med oss. Vi åt banankake og drakk varm sjokolade på eit "Tea-house" på øya.  Ein slags kafé. (På eine bilete ser dykk Veronica og hennar nye ven.) I tillegg laga vi smykker av skjell vi fann på stranda. Dei blei ganske stilige!

Under middagen såg vi nokre mus som sprang langs veggen og inn i eit hol i veggen. Når eg (Ane) skulle legge meg høyrte eg noko som kravla i puta mi! Det viste seg å vere min eigen øyresus... har visst blitt litt paranoid.

Veronica & Ane

27. august - Naviti, Fiji

I dag skulle vi snorkle med manta rays (djevelrokke på norsk). Frå wikipedia.no

"Djevelrokker (Mobulinae) er ein bruskfiskunderfamilie i familien ørneskater (Myliobatidae). Dei er store, pelagiske fisker. Gruppa omfattar 17 artar, bl.a. de største av alle skater. Dei lev av plankton som blir vifta inn i munnen av ein horn- eller finnelignande utvekst på kvar side av munnen. Djevelrokker er utbreidt i varmare hav.

Den største arten er djevelskate (Manta birostris). Breidda mellom «vingespissane» kan bli over 7 m og vekta over 3 tonn."

Dei vi snorkla med var opp mot 3 meter breie. Veldig imponerande dyr!

Etter litt meir soling, lunsj, avslapping i hengekøyene og prating med alle andre gjekk vi ein tur til ei strand på andre sida av øya. Stranda heitte Honeymoon-beach.

Vi laga langbord til middag sidan det var siste dagen til samtlig som var der. Så var det tid for bula-dans og leikar etter på. Eg (Ane) vann faktisk den eine leiken saman med Natalee frå England.

Musikkanlegget sa plutseleg takk for seg, såda trakk vi ned på stranda for å tenne bål. Vi blei setande der å prate om laust og fast ei lita stund.

Veronica & Ane