Søk i denne bloggen

søndag 1. september 2013

29. august - Nanuya Lailai, Fiji

Planen var å ta ein båt til nokre holer i fjellet som vi kunne snorkle i. Ved frukosten fekk vi vite at den var utsatt til dagen etter.

Bonnie og Chad reiste da for å snorkle ved skilpaddeøya. Like ved skilpaddeøya er det ei øy der kjendisar ofte ferierar. Britney Spears var for eksempel der for to år sidan. Filmen "Blue Lagoon" blei og filma i området.

Eg og Veronica nytta anledninga til å sole oss. Vi møtte eit pensjonert par frå Nederland som hadde seila frå Nederland. Dei hadde brukt tre år på turen, men satte av og til igjen båten i ei havn for å reise heim til familie og venar i eit par månadar. Høyrtest veldig spanande ut!

Vi besøkte "Tea-house" i dag og. Ho hadde sagt at ho skulle bake sjokoladekake, så dei to sjokomanane (Chad og Veronica) blei skuffa då ho berre hadde banankake i dag og. Etter at banankaka var fortært tok eg, Veronica og Bonnie turen til andre sida av øya.

Der såg vi på solnedgangen. Vi hadde gått over fjellet til, så vi fulgte stranda tilbake. Vi rakk det akkurat før det blei mørkt!

Etter middag blei vi setande å prate ei god stund før eg leitte fram kortstokken og vi lærte dei to amerikanarane "vri åtter". Chad var ein meget dårlig taper, så vi måtte spele nokre omgongar slik at han fekk vinne ein gong.

I morgon er det tilbake til fastlandet!

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar