Søk i denne bloggen

søndag 1. september 2013

31. august - reisa heim

Etter frukost på hotellet tok vi taxi til flyplassen. Der stilte vi oss i ei lang, lang kø for å sjekke inn. Når det endeleg blei vår tur fekk vi beskjed om at flyet var fullt. Dei lurte på om vi kunne bli eit par dagar ekstra, noko vi sa at vi ikkje kunne.

Etter mykje om og men hadde dei diskutert og styra så mykje at flyet vi skulle ta hadde reist. I tillegg til oss var det ca 10 andre som heller ikkje kom med, fordi flyet var overbooka.

Det enda med at dei sendte oss til Sydney, slik at vi kunne fortsette reisa derifrå. Utfordringa vår var at vi skulle flyge med Pacific Air frå Fiji til Hong Kong, så med Qatar Airways frå Hong Kong til Doha og Doha til Oslo. Det dei som sendte oss til Sydney ikkje sa til oss var at Qatar ikkje har kontor i Sydney...

Fortvila fann vi skranken til Pacific Air og forklarte kva som hadde skjedd. Dei var først lite imøtekommande, men etter kvart ville dei hjelpe oss. Det viste seg at dei som hadde sjekka oss inn i Fiji hadde sjekka ein av oss (mest sannsyneleg Veronica) inn som Anastasia Likesovich eller noko liknande. I tillegg hadde dei gjort slik at resten av billettane vår var ugyldige.

Med andre ord: vi befann oss i Sydney, utan flybillett heim.

Heldigvis kom det ein mann frå Pacific Air som var veldig hyggeleg. Han likte ikkje tanken på å sende oss til Hong Kong aleine, så han sjekka om British Airways hadde noko ledig til London. Det hadde dei dessverre ikkje. Men til slutt fekk dei åpna billettane våre igjen, samt booka fly til Hong Kong. Vi venta i 10 timar til saman i Sydney. Så var det ein 9,5 timers lang flytur til Hong Kong.

Og som om ikkje det var nok styr blei Veronica veldig dårlig! Hurra... Medan vi venta på flyet spydde ho fleire gongar og hadde voldsomme kvalmebyger. Lat oss håpe lykka er med oss i Hong Kong!!

Veronica & Ane

1 kommentar:

  1. Herregud, e de mulig! At dei klarte å gjer billettane dokka ugyldige! Bra dokkke fekk hjelp te slutt :)

    May-Liss

    SvarSlett