Søk i denne bloggen

søndag 29. juni 2014

Litt fleire bilar

29.juni - heime

Det var 9 lange timar frå Havana til Paris. Så 2,5 time frå Paris til Oslo. Landa i Oslo 1535. Og flyet mitt (Veronica) går vidare 2150.

Manglar ei natt så trøtte i trynet, men glade for å kome heim:) 

28.juni - siste dagen

Laurdag 28. juni

I dag er det siste dagen vår på Cuba. Vi hadde nokre timar på stranda før vi gjekk for å prøve byens beste daiquiri. Den var god, men det artige var musikken og salsadansinga der inne!

Deretter åt vi lunsj. Det blei ein halv kylling på kvar! Mykje mat.

Vi handla litt souvenirar før vi gjekk tilbake til casa'en og dusja og pakka ferdig. Klokka 16:30 blei vi henta med taxi og på flyplassen hadde vi kjempegod tid.



P.s. takk for kjolen May-Liss! Godt brukt;)

27.juni - stranda

Fredag 27. juni - Havana

Vi starta med nokre timar på stranda idag og. Vi åt lunsj og dusja før vi tok buss til hotellet der vi budde dei to første nettene på Cuba. Vi kjøpte oss internett og fekk blogga litt.

Vi måtte ta taxi tilbake og kom akkurat i tide til middag i casa'en. Vi fekk servert ein fisk på deling, med ris, bønner og grønnsaker. Til dessert fekk vi glasert mango. Fisken var veldig god! Desserten var alt for søt, slik som mykje av godsakene er her borte.

Sonen til han som eig casa'en serverte oss. Eg syntes han såg ung ut så eg spurte om han var student. Då flira han og sa: nei, det må vere klimaet, eg er 38 år!

Veronica & Ane

26.juni - Leigde rosa bil

Torsdag 26.juni - Havana

I dag tok vi bussen til ei strand i nærleiken. Veldig fint med blått hav, kvit sand og lite folk! Vi var der i 2-3 timar før vi tok bussen tilbake.

Heime i casa'en dusja Veronica først. Sjølvsagt så gjekk straumen rett etter på... dermed måtte eg vente ein times tid før eg fekk dusja.

Etter dusjinga gjekk vi ut for å leige oss ein gamal bil til rundtur i byen. Vi fann oss ein kul, rosa cabriolet (Ford faktisk) og fekk oss ein time på rånetur i byen. Han stoppa ved nokre monument, og medan eg prøvde å vere interessert og ta litt bilete av det var Veronica berre opptatt av bilen.

Den var råkul!!

Til middag bestemte vi oss for å ete biff. Vi har ikkje ete noko anna en fisk og kylling, så det skulle bli godt med ei forandring. Vi fann oss ein restaurant og fekk servert nydeleg biff med bacon og ost poteter og grilla grønnsaker. Nydeleg godt! Vi blei litt overivrige etter den gode maten og bestilte oss dessert. Sjokoladekake og is. Den var ikkje så god som forventa.

Veronica & Ane

Bilar i La Habana

Det er veldig mange fine bilar her!! Det er verdt å reise til Cuba berre for å oppleve alle dei gamle fine bilane :)

25.juni - La Habana

Onsdag 25. juni - Havana

Vi ba han som eigde casaen om ei anbefaling på eit casa i Havana. Han gav oss ei adresse.

Bussturentok ca 4 timar og framme i Havana tok vi taxi til casaen. Vi var litt skeptiske då gata såg litt skummel ut og casaen såg litt slitt ut. Men då Eduardo åpna døra fekk vi eit kjempepositivt inntrykk. Han viste oss rommet, så viste han oss heile leiligheita før han fortalte om forskjellige ting. Vi fekk og ein velkomstlikør.

Vi gjekk ut for å ete lunsj. Det blei fisk i dag og. Vi åt dessert på sjokoladebutikken som Alejandro viste oss første dagen her. Men sjokoladen er ikkje like god som i Noreg!

Tilbake til casaen så gjekk vi havnevegen, veldig fint. Framleis mange fine, gamle bilar over alt. I tillegg dreiv folk å fiska bortover heile havna.

Vi likar Havana og Cuba!

Veronica & Ane

24.juni - Sienfuegos

Tysdag 24. juni - Cienfuego

Siste frukosten vår i Trinidad. Når vi skulle gå fekk vi klem og kyss av både Omar, Lady og Laila. Dei ønska oss hjarteleg velkomen tilbake!

Bussturen gjekk relativt fort og i Cienfuego blei vi møtt av ein mann med navna våre på ein lapp. Han ordna sykkeltaxi til casaen. I denne casaen snakka dei litt engelsk og vi hadde kjøleskap på rommet. Rommet er heilt rosa og badet er blått!

Vi gjekk ut for å ete lunsj før vi gjekk tilbake til casaen ei lita stund. Det var altfor varmt ute. Vi gjekk ut igjen for å sjå på byen. Den er bygd i ein annan stil en Trinidad.

Vi gjekk først ned til havna og satt oss ned på ein kant og såg ut over sjøen. Vidare gjekk vi rundt og tok bilete og kika på dei forskjellige bygningane. Mange fine og sjarmerande og nokre i veldig dårleg stand.

Til middag åt vi fersk fisk og ris. Vi fekk også her grønnsakssuppe til forrett og karamellpudding til dessert!

Veronica & Ane