Søk i denne bloggen

søndag 29. juni 2014

26.juni - Leigde rosa bil

Torsdag 26.juni - Havana

I dag tok vi bussen til ei strand i nærleiken. Veldig fint med blått hav, kvit sand og lite folk! Vi var der i 2-3 timar før vi tok bussen tilbake.

Heime i casa'en dusja Veronica først. Sjølvsagt så gjekk straumen rett etter på... dermed måtte eg vente ein times tid før eg fekk dusja.

Etter dusjinga gjekk vi ut for å leige oss ein gamal bil til rundtur i byen. Vi fann oss ein kul, rosa cabriolet (Ford faktisk) og fekk oss ein time på rånetur i byen. Han stoppa ved nokre monument, og medan eg prøvde å vere interessert og ta litt bilete av det var Veronica berre opptatt av bilen.

Den var råkul!!

Til middag bestemte vi oss for å ete biff. Vi har ikkje ete noko anna en fisk og kylling, så det skulle bli godt med ei forandring. Vi fann oss ein restaurant og fekk servert nydeleg biff med bacon og ost poteter og grilla grønnsaker. Nydeleg godt! Vi blei litt overivrige etter den gode maten og bestilte oss dessert. Sjokoladekake og is. Den var ikkje så god som forventa.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar