Sidan vi la oss så tidleg i går, våkna vi tidleg i dag. Vi gjekk for å ete frukost, men den var skuffane. Noko loffgreier med smør på.
Kl.08.30 skulle vi møte for tur til Sacred Valley. Etter litt fram og tilbake om voucheren vår, kom vi oss på en buss. Guiden vår heitte Irma, men ho snakka dessverre dårleg engelsk. Så det var veldig vanskeleg å få med seg det ho fortalde.
Vi såg mange ruiner frå Inkabyer og Inkaterassar på vegen. Inkaene lagde terassane for å plante grønsaker. Dei forskjellige terassane hadde forskjellige temperaturar, slik at dei dyrka grønsakene i forhold til dette.
Fakta om Inkaene:
Inkaene trur på naturen og jorda, og sola blir sett på som ein guddom.
Dei brukte også å ofre barn og dyr frå dei adelege familiane til gudane.
Lama og alpakka er vanlege dyr her. Før blei dei brukt til pakkesel, men alpakkaen har veldig bra ull som dei lagar klede av.
Tala 2, 3 og 4 er viktige for inkaene. 2 står for mann/kvinne, ying/yang osv. Talet 3 står for kondor, puma og slange. 4 står for ild/vatn/jord/luft osv.
Så tok vi taxi tilbake til Cusco for å rekke eit møte om Inca-trailen til Machu Picchu som byrjar i morgon.
Blid og fin, glad når eg fer ei mld.av og til på natta, kos døkk vidre på tur.
SvarSlettMor Edda
So kjekt å følge me dåkke :) kose dåkke masse:)
SvarSlett