Søk i denne bloggen

onsdag 18. juni 2014

12.juni - 2.dag av Inka-trail

Torsdag 12. juni - dag 2 Incatrail

I dag blei vi vekt 05:30 av "roomservice". Portarane kom med koka-te til oss i teltet. Koka er en slags urteplante som incaane brukte som medisin og lignande. Det skal hjelpe mot hovudverk for eksempel. Dersom ein et mykje av det blir ein nummen på leppene. Det er visst brukt i bedøvelsesmiddelet til tannlegar, men det veit ikkje eg om stemmer.

Når teen var drukken opp og vi hadde pakka saman var det frokost. Etter frokosten så presenterte portarane seg for oss. Han eine var 61 år gamal! Og dei sprang med 20-25 kg sekkar/posar på ryggen, medan vi pesa oss bortover med kanskje 5kg...

Dette er den hardaste dagen. Vi skal gå totalt 8 km. Først 6 km og 1200 høgdemeter opp, så 2 km og rundt 800 høgdemeter ned igjen. Det skulle ta ca. 7 timar.

Pusten blei berre tyngre og tyngre til høgare opp vi kom. Ikkje fordi vi gjekk raskt eller var spesielt andpustne, men fordi vi sleit med høgda. 25 meter frå toppen fekk Veronic a astmaanfall. Heldigvis var guidane våre, Vincent og Frank, like ved. Etter at Veronica fekk roa seg ned, prøvde vi å gå litt til, men ho kjente at det kom igjen. Då drog Vincent fram oksygenflaska si og spurte om ho ville ha litt. Ho fekk puste inn nokre drag og etter det gjekk ho opp åleine. Vakker utsikt og 4200 moh. Eg, Ane, blei også litt høgdesjuk. Småkvalm og svimmel, men det gjekk greit. Som sagt så skulle turen ta ca 7 timar, men vi brukte berre 5t og 45min.

Vel nede i campen åt vi lunsj: dumplings, kylling og koskosog te. Så slappa vi av før det var "happy hour". Då serverte kokken popcorn og kakao! Nam. Etter det var det middag: suppe, kylling og ris. Tilfeldigvis så hadde ei av jentene frå Australia bursdag denne dagen og i den forbindelse hadde kokken baka i kake!!! Kaka hadde hsn steikt over åpne flammar, 30min på ei side og 30 min på andre sida. Imponerande!

Etter middag så la vi oss igjen. I morgon er den lengste dagen med gåing. Vi skal gå omlag 16 km.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar