Søk i denne bloggen

fredag 27. juni 2014

20.juni - Byvandring og salsakurs

Fredag 20. juni

Veronica har vore dårleg i natt igjen. Vi trur det er egg som gjer det. Sidan ho var dårleg og hadde sove lite så gjekk vi på rommet litt før vi skulle reise til stranda. Plutseleg banka det på døra, det var vaskedama, Laila. Ho prata i vei på spansk. Så såg ho at Veronica låg på senga med vondt i magen.

Då prata ho endå meir og fekk Veronica til å reise seg. Så tok ho ein handduk og ba Veronica halde det eine hjørnet mot magen. Ho tok det andre hjørnet og byrja å dra å styre for å få sjukdommen ut av kroppen til Veronica. Rart!

Vi reiste til stranda etter på, men etter berre ein time byrja det å tordne. Sjøl om ein gamal cubansk mann sa at det var "no problemo" og heilt vanleg, så reiste vi tilbake.

Tilbake i byen åt vi ein dårleg lunsj med hår i pizzaen. Så gjekk vi for å dusje i casaen før vi gjekk ut for å bli kjent i byen. Vi gjekk til sentrum historico, dette var meir turistprega enn gata vi budde i. Casa de la musica var neste stopp. Her var det levande musikk. Vi bestilte kvar sin mojito og nytte livet.

På veg tilbake til casaen stoppa ei dame og spurte om ho kunne få t-skjorta mi. Skal eg vrenge den av meg her og no då, tenkte eg. Dessutan var ho litt større enn meg. Eg tilbydde ho heller å bli med til casaen for å få eit par sko eg likevel hadde tenkt å sette igjen. Ho blei med og fekk skoa.

Til middag i dag åt vi kylling og ris. Så fekk vi tilbod om salsatimar. Vi avtalte første time etter middag. Til saman blei vi einige om 5 timar, sjølv om ho anbefalte 6. I dag lærte vi grunntrinna og ein sving. I morgon og søndag skal vi lære meir.

Etter salsatimen måtte vi dusje igjen. Så gjekk vi til casa de la musica. Der møtte vi skotten frå bussen, to frå Nederland og eit norskt par som vi kom i prat med. Vi høyrde på musikk og etter ei "forestilling" var det slik at alle kunne danse. Eg prøvde meg to gongar, men salsa er litt vanskeleg enda.

Ein av gutane som ba meg opp var veldig påtrengande. Til slutt så sa eg på ein høfleg måte at eg ikkje var interessert og hadde ein kjærast i Noreg. Då sa han: "boyfriend in Noruega? No problemo, i love you".

Vi, det norske paret og dei tre andre tok turen opp til eit diskotek inne i ei grotte. Utruleg kult! Hadde dessverre ikkje med oss kamera dit, så blei ingen bilete der i frå.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar