Søk i denne bloggen

onsdag 18. juni 2014

13.juni - 3. Dag og lengste dag av Inka-trailen (del 1)

Fredag 13. juni - dag 3 Incatrail

I dag fekk vi sove litt lenger, heilt til kl 06:00. Då blei vi igjen vekka med koka-te. Deretter pakka vi saman, åt frukost (pannekake med banan og sjokoladesaus) og byrja å gå.

Det starta ganske tungt, med mange oppoverbakkar. Vi hadde ein fellesstopp etter omlag 20 min. Då stoppa vi på ein inkaruin som hadde vore ein slags utkikkspost for dei som sprang med brev og beskjedar.

Vidare gjekk vi opp på 3900 moh, før det igjen bar nedover til ein ny ruin. Der var det valfritt å gå opp for å sjå. Sidan det ikkje er så ofte ein er i Andesfjella så gjekk vi sjølvsagt opp for å sjå. Vakkert og imponerande!

Neste etappe gjekk litt opp i fjellet igjen, før vi fulgte ein veg rundt fjellet. Flotte fjell og dalar på alle kantar, nesten som i Noreg. På enden av vegen hadde portarane satt opp teltet og var klare med lunsj ganske raskt etter ankomst. Deilig! Det blei då altså lunsj på toppen av eit fjell. Til lunsj fekk vi ceviche, spaghetti og kyllinglår med pasjonsfruktsaus.

Etter lunsjen så gjekk det for det meste i nedoverbakkar. Vi hadde ein fellesstopp på nokre ruinar som vart kalla for "Byen over skyene". Der var det ingen incaterasser og det var tydeleg at det hadde budd adelege eller noko liknande i følge guiden.

Vi fekk gå i eige tempo ned til leiren. Det skulle ta omlag 2t og 40 min. Stiane og trappene var veldig bratte nokre stadar, og vi tok det roleg nedover. Portarane sprang forbi oss! Det gjor forsåvidt guidane og, dei skulle rekke fotballkampen Nederland-Spania som nokon tydelegvis fekk inn på satelitt-tv eller noko.

Vi gjekk ein liten omveg for å sjå på nokre store incaterasser. Derfrå fekk vi utsikt over Urubamba River (trur den heiter det). Virkelig Geiranger utsikt (kanskje til og med betre).

Nede på campen hadde det berre komt to stk før oss, så vi venta ei stund på at resten skulle kome. Deretter var det ny "happy hour" med popcorn og kakao før middag.

Til middag fekk vi suppe, potetmos, kjøtt, steikt ris og ein slags varm appelsingelé. Etter middag hadde vi ein liten seremoni der vi tipsa og takka portarane og kokken.

Sidan vi skulle opp 03:30 dagen derpå, la vi oss rett etter på.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar