Søk i denne bloggen

fredag 27. juni 2014

17.juni - Guida tur i Havana

Tirsdag 17. juni - guida tur i Havana

Inkludert i bestillinga vår hadde vi idag ein guida tur i Havana sentrum. Vi trudde vi skulle møte i hotell-lobbyen på vårt hotell, men den gang ei... vi skulle sjølvsagt møte på eit hotell i byen. Dermed blei vi alt for seint ute. Heldigvis var det berre oss to som skulle vere med, og guiden kunne heldigvis vente på oss.

Guiden, Alejandro, tok oss med til dei viktigaste plassane i Havana. Han viste oss kor vi kunne kjøpe dei beste drinkane, kaffien, sjokoladen og maten. I tillegg kor vi ikkje burde gå. Han fortalte og ein del historie og om kulturen til cubanarane.

Det er for eksempel heilt vanlig å gi slengkyss til vilt fremmede, plystre på jenter, gi fine komplimenter osv. Intimsone har dei ikkje høyrt om og klemming og at folk tar på deg er heilt normalt. Det med kompliment og slengkyss kan vi like, men det andre kan bli meir interessant.

Alejandro snakka faktisk en god del norsk, sjølv om han aldri har vore utanfo Cuba før. Han har tatt tyskkurs, og synes norsk og tysk er likt. I tillegg var han veldig god i engelsk. Han fortalde at ein av grunnane til at han ville lære seg litt norsk var at han ville kunne hjelpe nordmenn dersom dei måtte prute på ting. Det er forresten heilt greit å prute her, du kan prute til du skjønar at seljaren ikkje kjem til å gå lenger ned.

Før Alejandro forlot oss så skreiv han ned nokre adresser til casa‘er der han kjende eigaren. Han gav oss også nr sitt og sa at om vi sendte mld når vi reiste, så skulle han ordne at nokon møtte oss der vi kom. Casa betyr hus på spansk og det er den billegaste måten å bo på på Cuba. Du bur heime hos folk, dei lagar mat til deg osv.

I morgon er planen å reise til Trinidad. Ein gammal by på Cuba. Her skal vi bo i casa! Planen er å bli der ei god stund.


Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar