Søk i denne bloggen

onsdag 18. juni 2014

14.juni - 4. Dag og siste dag av Inka-trail! MACHU PICCHU

Laurdag 14. juni - dag 4 Incatrail MACHU PICCHU

03:30 vart vi vekka med koka-te. Vi kom oss raskt ut av teltet og fekk pakka tinga våre. I dag fekk vi frukosten i ein pose: brød med smør, appelsin, sjokokjeks og juice. Portarane skulle springe i 45min for å rekke eit tog tilbake. Dersom dei ikkje rakk toget måtte dei vente i over 12 timar på neste tog.

Vi skulle berre gå i ein 5 minutters tid før vi måtte vente til kl 05:30. Dette fordi porten vi måtte igjennom ikkje åpna før. Første stopp for dagen var Sungaten, Inta Punku (2700 moh). Her skulle vi sjå soloppgangen. Sola hadde ikkje komt over fjella, men vi såg det delvis likevel.

Etter eit gruppebilete i Sungaten gjekk vi nedover mot Machu Picchu.

Wow! Det er alt vi har å seie... Veldig rart å endeleg vere her!

Machu Picchu betyr gammalt fjell. Det hadde budd mellom 600-800 menneske der og ein kunne sjå tydeleg forskjell på kor arbeidarar/bønder budde og kvar dei som blei sett på som meir viktige budde. I inkatida var det klare klasseskiller mellom folk. Måten ein såg forskjell på var på kor perfekt husa var laga. Det var lagt ned mykje meir arbeid i husa til dei viktige og gudane sine hus og tempel.

70% av Machu Picchu er originalt, resten er rekonstruert av den Peruiske regjeringa. Ein kan sjå kva som er rekonstruert da arkeologane har merka steinane med bokstavar, tal og strekar. Dei flest trur at Machu Picchu vart oppdaga av ein amerikaner i 1911. Sannheita er at det var lokale peruianarar som oppdaga Machu Picchu allereie i 1901. Men istaden for å fortelle dette til regjeringa så selde dei keramikken og stoffet som dei fann. Når amerikaneren kom i 1911 så var det dei lokale som viste han vegen.

Inkaane feira nytt år den 21. juni. Dei hadde ca 365 dagar i året, slik som oss. Det var ikkje viktig å ha ein kalendar for å vite kva dag det var, men for å ha kontroll på når dei for eksempel skulle så eller hauste. Flesteparten av bygningane i byen hadde eit vindu som var retta mot der sola stod opp den 21. juni og eit vindu der sola stod opp den 21. desember.

Vi fekk og sjå ein stein som var høgd ut som kompass. Det var heilt perfekt laga til og stemte akkurat med eit kompass som vi hadde med oss.
Nokre av inkaane var astrologar. Dette kunne vere både kvinner og menn. Sola var for menn og månen var for damene. På slutten av den guida turen møtte vi på ein lama. Den heitte Veronica! He he.

Vi fekk litt tid på eigen hand på slutten. Då fann vi oss ein fin plass med utsikt der vi kunne ta bilete.

For å komme oss frå Machu Picchu til byen nedanfor tok vi buss. Det var verre enn å køyre Ørnesvingane i Geiranger! Smalt og veldig bratt. Vel nede i byen samla heile gjengen seg etter kvart på ein restaurant for å ete mat.

Heim igjen til Cusco skulle vi ta tog i 1t og 45min og buss i 1t og 45min. Togturen starta bra, men plutseleg høyrde vi eit klonk. Vi trudde først at det berre var noko med sporet, men så snur vi oss...

VI HADDE MISTA RESTEN AV TOGET!!!

På ein eller annan måte hadde alle vognene bak vår (vi var vogn nr B av A-F eller lengre....) løsna og blitt ståande igjen. Heldigvis var vi ikkje i ein bakke! Det ordna seg heldigvis raskt og vi kom oss trygge fram til endestasjonen.

Vidare tok vi minibuss. Sjåføren satte på 80-talsmusikk og det var allsang store delar av turen.

På hotellet tok vi oss ein velfortent varm dusj. Så gjekk vi ut for å ete middag før vi tok oss ein tur opp i baren for å møte gruppa vår ein siste gong. Der var det livemusikk. Veldig bra musikk og faktisk!

Slitne og nøgde med dei fire dagane på tur sovna vi før klokka bikka midnatt.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar