Søk i denne bloggen

fredag 27. juni 2014

19.juni - La Playa Ancon

Torsdag 19. juni

Veronica har vore dårlig i natt, og spydd. Vi skjønar ikkje heilt kva det er, men trur det må vere noko mat.

I dag skulle vi på stranda. Vi visste ikkje heilt kor busstoppen var og alle taxisjåførane prøvde å seie at bussen ikkje gjekk og at vi måtte ta taxi i staden. Men vi lot oss ikkje lure. Dessverre stod vi på feil plass og blei vitne til at bussen køyrde frå oss.

Sidan vi ikkje rakk bussen så gjekk vi for å ta ut litt meir pengar. Sjølvsagt var minibanken ute av drift i dag... bra start på dagen!

Klokka 11:00 rakk vi bussen og kom oss til stranda, "la playa Ancón". Der sola vi oss. Når eg skulle kjøle meg litt ned i sjøen hjalp ikkje det så veldig. Varmt vatn!

Tilbake i byen stoppa bussen ein annan plass enn vi gjekk på. Vi rota litt før vi fann vegen, og rett før vi kom til casaen byrja det å høljregne! Det fossa ned og vi var gjennomvåte før vi kom oss inn. Det lyna og tordna og.

Etter ein dusj (som var kaldare enn regnet), åt vi middag. Hummer og ris. Nydeleg godt!!

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar