Søk i denne bloggen

onsdag 18. juni 2014

11.juni - 1.dag av Inka-trail

11. juni - dag 1 Incatrail


Dagen starta tideleg klokka 05:00. Vi skulle vere klare til avreise 06:00. Veronica var dårlig når ho vakna og spydde nokre gongar før vi gjekk frå rommet. Ho sleit veldig under første del av bilturen. Det var derfor ei glede når vi stoppa for å fylle bensin. Då fekk Veronica springe på do og spydd meir.                                


Første stopp var etter 1t og 45 min. Der åt vi frokost. Etter det kjørte vi i ca 40 min til, det var siste stopp. Her starta det 43 km lange eventyret i Andesfjella.


Sekkane våre var ikkje så veldig store, så plass til noko meir enn kle og vatn var ikkje det. Vi hadde leigd soveposar, liggeunderlag og gåstavar frå hostellet vi budde på i Cusco. Heldigvis hadde vi "portarar" eller berarar om du vil. Dei bar telta våre, mat, kjøkken, stolar, bord, propangass osv. I tillegg bar dei soveposane og liggeunderlaga våre (og andre sine).


Det første vi gjorde før vi begynte å gå var å få stempel i passet vårt! Viktig, viktig!


Etter omlag to timar gåing, med nokre pauser, var det tid for lunsj. Tre-retters lunsj! Guacamole med noko liknande potetgull, suppe og fisk med poteter. Veldig godt!


Vidare gjekk vi eit par timar til før vi var framme i campen. Vi kom til ferdig oppsatte telt, og porterane dreiv allerede og forberedte middagen. Tre-retters igjen! Suppe, biff og poteter og flambert banan i rom. Dette er ikkje ein slanketur for å seie det slik!


Ellers så går det greit å gå. Ein blir ganske tungpusta på grunn av høgda, men vi greier oss greit foreløpig.


Vi er forresten ei gruppe på 12 stk. To frå Australia, to frå Sverige, ei frå Japan og fem frå England. 


Sidan vi skal stå opp 05:30 imorgon, så legg vi oss tideleg. I seng før 20:00 ;)


Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar