Søk i denne bloggen

fredag 19. juli 2013

13.juli

Jambo!

Fortsetter med bilete og tekst frå dag 2 i Nairobi.

Vi starta tidleg med frokost kl 0600. Så var det informasjon om safarien før avreise kl 0730.

Reisefølget vårt bestod av 20 kjekke menneske, der fire var norske, to danske, ti britiske og fire canadiske. I tillegg hadde vi ein sjåfør, Joel, og ein guide, Masivu. Vi reiste med ein buss, som ikkje var ein buss men ein truck. Den heitte Pomba.

Vegane i Kenya er ikkje spesielt gode. Spesielt ikkje der vi køyrde. Det var veldig humpete og vi fekk gratis afrikansk masasje som dei kalte det. Vi blei raskt vandt med humpinga, som eigentleg var ganske søvndyssande.

Etter fire timar køyring var vi framme ved Nakuru. Her skulle vi slå leir for dagen og natta. Vi skulle bu i tomannstelt, noko som var veldig greit. Alle deltakarane hadde i tillegg kvar sine dagar som oppvaskhjelp, kjøkkenhjelp, pakkehjelp og rydding av trucken/leirområdet osv. Vi laga altså all maten vår sjølv.

Det var utedo og utedusj med kaldt vatn. Så sanitærforholda var og greie. Likevel venta vi ein dag med å dusje med håp om varmt vatn ved neste leirplass.

Etter lunsj reiste vi ut på safari, det kjem i neste innlegg!

Veronica & Ane

1 kommentar:

  1. Ikke så veldig forskjellig fra militærlivet dette Ane!!?

    SvarSlett