Søk i denne bloggen

lørdag 20. juli 2013

14.juli, Naivasha

Dag 3 i Nairobi.

Natta i Nakuru var kald, men vi sov i alle fall litt. Når vi stod opp pakka vi ned leiren og åt frokost før vi satte oss i trucken. Vi bytta på å sete framme og bake, då det var mykje meir humpete bakerst i bussen.

Neste stopp var no Naivasha. Her skulle vi telte ved sidan av ein innsjø. Når vi kom fram sette Veronica opp teltet, medan eg var med og laga lunsj. Det var pastasalat i dag! Nam

Etter lunsj fekk vi velje om vi ville reise på båtsafari og sjå flodhestar og fuglar, eller gåsafari å sjå mange andre dyr. Heile gruppa valte gåsafari. Oss blei plukka opp av to bilar med plass til 15 stk i kvar bil. Det var varmt, trangt og støvete.

Vi køyrde i ca ein halv time og plutseleg såg vi to giraffar som stod og åt like framom oss. Vi gjekk ut av bilen og tok bileter. Vidare så gjekk vi forbi giraffane og lenger inn i skogen. Der såg vi mange fleire giraffar. Etter kvart som vi gjekk såg vi fleire dyr, deriblant: sebra, gnu, bøffel, aper (en eg ikkje kan namnet på og ein colobusape), dickdick (den minste antilopa), elan (største antilopa), vannbukk, villsvin, impala (en type antilope) og diverse fuglar.

Vi var på ca 10 meters avstand til alle dyra.

Det var eigentleg ikkje meininga at vi skulle sjå bøffel på så nært hald, sidan dei er farlege. Derfor snudde vi og gjekk i ei anna retning når dei kom.

Tilbake i leiren fekk vi servert papayasuppe og noko kenyansk ris og kjøttmat. Gode greier :) etter middag tente vi eit bål som vi sat og prata
rundt. Der fekk vi vite at flodhestane beita på land om natta. Og det berre 10 meter frå der vi skulle sove i telt! Det var eit straumgjerde imellom, men guiden vår, Masivu, sa at det ikkje ville stoppe den.

Flodhesten er eit av dyra i Afrika som drep flest menneske, så dette var litt skummelt!

Rett etter at vi hadde hengt opp myggnettingen og lagt oss i posen høyrde vi Ben frå Nottingham rope på oss. Det var ein flodhest på land!! Vi skunda oss ut av teltet og gjekk raskt ned til straumgjerdet, og der var den. Den var verkeleg stor! Det var også ein til på land litt lengre borte og litt fleire i vatnet. (Bileta av oss nede med det fine vatnet er der flodhestane beita om natta)

Mange inntrykk, men ein veldig bra dag!

Veronica & Ane

2 kommentarer:

  1. Å så kjekt å sjå, så spennende å ligge i telt da.Her er yr og tåke. Det blir ein tur til G dalen i mårrå på oss. Vi følger med vidre

    Mor Edda

    SvarSlett
  2. uhuuu! Skummelt med de flodhestene da! Synes dere er modige!! Har du peppersprayen med, Ane???? :-D

    SvarSlett