Søk i denne bloggen

mandag 22. juli 2013

19.juli, siste dag i Kenya

Siste dag i Kenya


Hoppar over 18.juli då det berre var køyring og ein middag. Kan seie at dusjen på hotellet i 
Nairobi var fantastisk.. Varmevatn, trykk, ingen dyr, ingen himmel rett over, og eit reint flisgolv å stige på.

Vi har forresten lært litt Swahili:

Jambo! Tuko salama. Safari ya Kenya ilikuwa ya ajabu. Sasa twaelekoa Thailand. Twende, sawa sawa?

Som betyr:
Hei! Vi har det fint. Safarien i Kenya var veldig bra. Neste stopp Thailand. Let's go! okey?

I tillegg har vi lært litt andre ord og uttrykk:
Jambo = hallo / korleis har du det?
Asante sana = tusen takk
Kwahiri = ha det
Sawa = okey
Pole = unnskyld
Pole pole = ta det rolig
Hakuna matata = ingen bekymringer
Rafiki = venn
Twende = la oss reise
Kwenda = frekk måte å seie "gå vekk" på
Siste dag i Kenya starta med frokost på hotellet. Så tok vi taxi direkte til flyplassen saman med Tim og Line. Der skulle vi sjekke inn på forskjellige plassar, så da skiltes vi der.

Eg og Veronica gjekk til innsjekkingsskranken. Der skulle dei sjå vaksinekortet vårt. For å komme inn i til dømes Malaysia og Australia må du ha vaksine mot gulfeber dersom du har vore i eit land der du kan bli smitta. Kenya er eit slikt land.

Av ein eller annan merkeleg grunn hadde ikkje Veronica fått gulfebervaksina. Dette gjorde at dei ikkje kunne sende oss vidare. Litt panisk spurte vi kva vi skulle gjere. Innsjekkingsdama fortalte då at det var ein klinikk på flyplassen som sikkert kunne hjelpe oss.

Vi kasta på oss sekkane og skunda oss i retninga ho peika. Der fann vi klinikken og spurte etter gulfebervaksine. Det var heldigvis ingen problem. For 1500 kenyanske shilling fekk Veronica vaksina si, og vi var glade for at alt ordna seg.

Tilbake i innsjekkinga gjekk alt fint denne gongen. Vi fekk sete i lag og ombord i flyet trudde vi at alt styret skulle vere over for i dag.

Etter ei lita stund fekk Veronica låkt i hovudet. Ho hadde også feber. Vi spurte ein flyvert om ho kunne få ein paracet. Han spurte då om alle mulige medisinar ho gjekk på og kva sjukdommar ho hadde før han kom med kalde klutar. Han sa så at han straks skulle komme tilbake. Like etter høyrer vi over heile flyet "is it a doctor on the plane, pleace contact the cabincrew".
Veronica sank djupt ned i setet og håpa på at ingen skulle sjå at det var ho som var pasienten. Det var heldigvis ei litt eldre spansk dame som var doktor, det einaste problemet var at ho var litt dårleg i engelsk. Men det gjekk heldigvis bra det og. Dei tok Veronica med bak i flyet og tok puls, blodtrykk, pust osv før ho fekk to paracettar. Men sa at ho måtte ha antibiotika, så eg måtte til doktoren i Doha.

På tull sa eg til Veronica: dei ventar sikkert med rullestol når vi kjem fram til Doha! Og trur ikkje du at når vi landa, jo, der stod dei klar med rullestol. Det droppa vi.

I Doha der vi mellomlanda var det over 40 grader og veldig varmt. Vi blei fulgt inn til ein doktor på flyplassen. Han prata heller ikkje engelsk, men dei sjekka feberen til Veronica og den hadde heldigvis gått ned. Videre blei vi fulgt til ein lounge for gamle og sjuke. Det var så vidt vi fekk gå derifrå for å ete. Etter vi hadde ete tenkte vi å sjå litt i butikkar før vi gjekk tilbake. Då blei vi henta tilbake.

Resten av reisa gjekk bra, og etter 20 timers reising er vi endeleg i Bangkok, Thailand!

Veronica & Ane




Dei 3 bileta nedom her er frå den siste campen
som var luksus i forhold til dei andre vi var på. så det var deilig å komme deg på hotell.


Dei andre bileta er av oss, guiden 
Masivu og sjåføren 
Joel.

2 kommentarer:

  1. Bra å se dere legger ut så mye :)
    Er moro å lesa!
    Geir Rune

    SvarSlett
  2. Kjempefine bilde! :) Håpe dokke nyt turen, og tek dokke litt tid te å ta inn alle inntrykka! :)Dokke sku hatt me dokke en egen sjukepleier dokke to (hinthint) me alt so skje dokke :p

    May-Liss

    SvarSlett