Søk i denne bloggen

fredag 7. desember 2012

Mitt bidrag til Årets frisør



Kvart år kårast "Årets Frisør" i Norge. Dette er gratis å delta i, og veldig lærerikt.
 

Man må sette krav til seg sjølv. Det er planlegging som å finne fotograf, finne modellar, finne makeup-artist, eventuelt finne lokale, tenke ut tema, og ikkje mist finne ut kva man vil gjere med håret.
Det siste er eigentleg det vansklegaste ;)
 
Eg har i år 3 flotte modellar som eg har plukka frå øyane eg kjem i frå. Nokon har aldri stått framfor eit stort fotograf-kamera før. Å gi meg eit så utruleg fint resultat er eg stolt av. Eg tenkjer ofte på når eg fortel kundane mine her i Oslo om den lille øya eg er i frå, og eg ser dei store augene deira når eg sei kor mange som bur der. Det er lite det. Så eg er heldig at det veks opp så fine jenter der ute ;)
Og å seie ja før dei visste kva eg prata om nesten (hihi), der eg engasjert prøvar å få det til å klaffe før alle reiste kvar sin plass i sumarferien ;)
Tusen takk til dykk :)
 
Trur også dei kosar seg med bileta :) Har mange fleire utruleg kule bilete på lager, så dei kjem etterkvart. Gled deg ;)
 
Har ikkje trua på nokon seier, men å delta er vel det viktigaste :)

1 kommentar:

  1. Kjempeflink e du! Og kjempefine modella! :)

    SvarSlett