Søk i denne bloggen

mandag 18. mars 2013

Mykje har skjedd


 Forrige veke var siste veka mi på Toni&Guy Grünerløkka. Trist og rart, men samtidig godt å flytte heim.
Heldigvis fekk snille Phanida stripa håret mitt.


Ein tom kaffelattè og eit hovud fullt av folie.

På den aller siste dagen min overraska Phanida med ei nydeleg god snickerskake :)

Etterpå var vi ein gjeng på Bar Rebell som var utruleg koseleg :)
Siste kvelden i Oslo på ei stund.

Hanne, Christine, Samaneh, Kaja, meg, Carina, Jannicke, Bettina, Marianne, Marianne og Simone.

Eg fekk vin, div body-kremar og kjempefine kort :)

 Takk for ein fin kveld :)


Laurdag stod vi opp 06.00 (gjesp) for å vaske og pakke ut av leiligheta.
Her har eg tatt siste bileta slik eg forlot leiligheta mi <3 Det er litt trist, men samtidig greit å vite at den fortsatt er mi.




Så var det klart for ein 7,8 timers biltur heim til Sunnmøre.
Klarte forresten å fylle ein heil varebil, sjølv om møblane stod igjen.


Vi stoppa på Lillhammer ved favorittbutikken til Frode der han handla litt.



Romsdalsfjella


Vi var framme i Ålesund 19.00. Britt hadde laga pizza til oss når vi kom fram. Det var godt etter ein lang biltur. Det var verre med kaoset det blei i stova etter vi hadde bert inn alt.



I dag byrja eg på ny jobb. Rolls Royce Marine der eg er automasjonsmontør. 
Der skal eg vere i 3,5 månad før det er reisa vår som står for tur.

Detter var dagens frukost. Heime med ho mor.

2 kommentarer:

  1. So spennande! Ein heilt ny start på livet ;)

    SvarSlett
  2. Ja verkeleg! Men er glad dette berre er midlertidig ;)

    SvarSlett