Søk i denne bloggen

fredag 16. august 2013

14. august - Sydney, Australia

         
Vi landa til soloppgang i Sydney. Klokka her er 8 timar framom Noreg. Vi trudde det kom til å bli eit styr med sikkerhetskontrollen på flyplassen, men det var ingen problem!

Vi tok ein shuttlebuss til hostellet vi skulle bu på. Det heiter "Wake up!" og er eit veldig kjent backpackerhostell. Vi hadde bestilt 6-mannsrom og gjekk rett på rommet for å sove nokre timar etter lite søvn på flyet.

Når vi stod opp gjekk vi for å utforske byen. Planen var å gå til operahuset, og eg (Ane) trudde att eg hadde full kontroll på kartet. Det hadde eg tydeligvis ikkje, for vi havna i heilt feil del av byen... Ei hyggeleg dame viste oss riktig veg, og etter å ha gått litt fekk vi hjelp av ein mann for å vere heilt sikker.

I staden for å gå til operahuset så gjekk vi til Darling Harbour. Det minna oss litt om Aker Brygge. Der nede fann vi verdas største IMAX (kino), Sydney akvarium, Madame Tussauds, restaurantar, kaféar og shoppingsenter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar