Søk i denne bloggen

fredag 16. august 2013

12. august - Bali, sightseeing med søskenbarnet til Putu, del 2

Etter lunsj bar det vidare til eit nytt tempel ved vatnet. Dette tempelet låg på ein innsjø. Veldig fint her og, men det vi likte best var å ta bilete i lag med plastdyra som var rundt omkring i parken.

Neste stopp var det største tempelet på Bali. Her var det ikkje lov å gå inn dersom ein hadde mensen! Altså, dei ber deg ikkje bevise at du ikkje har det, men det betyr ulykke for den som går inn. Heldigvis for oss hadde vi ikkje mensen og kunne ta fatt på ferda med lykka i behald. Flaks! ;)

Siste stopp var Jimbaran Beach. Her kan ein ete fersk sjømat medan ein ser på solnedgangen. Solnedgangen er overraskande nok ganske fin her på Bali og. Og maten var heilt ok, sjølv om det var litt i minste laget. Vi fekk hummer, krabbe, reke, fisk og skjell av eit slag. Så vi gjekk ned på stranda å kjøpte grilla maiskolbe. Mmmm...

Dette blei ein lang dag, og vel tilbake på hotellet hoppa vi rett i sengs!

Veronica & Ane

2 kommentarer: