Søk i denne bloggen

fredag 2. august 2013

2. August - Kuala Lumpur del 1

Del 1

Vi starta dagen med å booke billettar til hop-on/hop-off-buss. Vi venta i ca 30 minutt før den kom, og når den kom var den så full at vi måtte stå og ikkje fekk sett noko særleg.

Etter kvart gjekk folk av og vi kom oss opp i andre etasje av bussen. Der måtte vi også stå, men vi såg litt meir. Etter ca ein halvtimes køyring og mange stopp seinare kom det frå guiden: kan alle vennligst gå av bussen, vi har punktert og må skifte dekk.

I Kenya punkterte vi to gongar, så vi tenkjer: Aldri ein busstur uten punktering ;) Men vi fekk heldigvis ein ny buss.

Men ikkje nok med det heller. Når vi køyrde forbi verdens største utendørs fuglepark, var det veldig trangt å komme forbi. Så vi sto still og såg på folk prøvde å snu, komme forbi, stå still å vente, nei det var heilt kaos. Når vi kom oss forbi såg vi at alle i bussen heiv seg over til vindauga på høgre side. Då tok vi speilet på Mercedesen som vi har tatt bilete av.

Vi satt på resten av runda og gjekk av på siste stopp som var Petronas, eller Twin Towers om du vil. Der gjekk vi av for å ta bilete og ete lunsj.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar