Søk i denne bloggen

lørdag 10. august 2013

10. august - Bali, surfing og superstjerne

Ane var litt nervøs i dag, så vi vakna før alarmen gjekk. Vi stod opp åt frukost og kom oss på stranda. Der gjekk Ane for å ta ein surfetime, medan Veronica sette seg for å sjå på og sole seg.

Surfetimen gjekk greit, trur eg. Eg svelgte sikkert 10 liter vatn, og var heilt raud i augene når eg var ferdig. Likevel var det utruleg kjekt, og noko eg anbefaler andre å prøve!! Veldig vanskeleg å beskrive kjensla av å surfe, men ein kjenner seg litt som at ein "eig" båra. Heilt til ein trynar sjølvsagt... og det gjorde eg fleire gongar enn eg greidde å stå. Kjekt var det uansett.

Medan eg koste meg ute i bøljene var Veronica travelt opptatt med sitt nye liv som superstjerne...........

Min, Veronica's oppleving i dag: Ane og surfeduden øvde først litt på stranda med korleis ho skulle stå på brettet og slikt. Men når dei gjekk uti vatnet, kom det ca. 4 asiaterar framom meg med kamera og videokamera. Eg skjønte verkeleg ingenting, og før eg visste ordet av det, satt det ein asiatisk mann på sida av meg. Så bytta han plass med dei andre så alle tok bilete med meg. Så kom det nokon andre som ropte: photo, photo!! Spurte ikkje ein gong! Og der satt eg i bikinioverdel og shorts.. Plutseleg stod det ein heil ring rundt meg! Eg rista på hovudet å sa nei, men dei brydde seg ikkje. Så eg tok på meg solbrillene og prøvde å ikkje bry meg. Til og med når eg hadde på meg solkrem på skuldrane, stod det ei dame på sida av meg å tok bilete!! Etterkvart kom surfeduden som vi hadde snakka med tidlegare, og satt seg ned å snakka med meg. Det var ein lettelse, for då haldt dei seg unda. Han sa eg burde seie til dei: 1 dollar per picture! :)
Eg skulla verkeleg ha gjort det, for det kom fleire etter han hadde gått.
Ane surfa berre i ein time, og eg anar ikkje kor mange bilete eg blei med på..

Vi gjekk tilbake til hotellet og sola oss litt der. Avslutta dagen med middag og avslapping, sidan vi skal tidleg opp å kapre soksengar i morgon.

Veronica & Ane

4 kommentarer:

  1. Artigt å verte kjendis. Sikkert gøy å surfe

    SvarSlett
  2. Akkurat sånn va de i kina mæ! Heilt håplaus va de! Såg ut som du fekk te å surfe då Ane ;)

    May-Liss

    SvarSlett
  3. Tøft
    Mor og gullklompen

    SvarSlett
  4. det ser så lett ut Ane, tøffing! Artig med litt kjendisstatus da, du får sole deg i den Veronica :) Beate

    SvarSlett