Søk i denne bloggen

lørdag 31. august 2013

25. august - Waya Lailai, Fiji

Her ute på øyene har dei berre straum på kveldstid i eit par timar, difor lev vi etter sola. Frokosten er med andre ord veldig tideleg. I tillegg er det berre kaldt vatn i dusjen, men ein dusj er ein dusj!

I dag kom det litt fleire folk til øya. Ein brite, ei frå østerrike, ei fransk-canadisk og to frå USA, blant anna. Vi tilbrakte dagen med soling på stranda og avslapping i hengekøyer før vi spelte volleyball saman.

Etter middagen fekk vi tilbod om å smake cava. Ein fijisk drikk som dei seier smakar som vatn med jord i. Denne drikken gjer deg ein nummen følelse i munnen og etter mange koppar skal ein bli veldig sløv. Vi bestemte oss for å takke nei til å smake.

Alle saman blei setande og prate ei lang stund før vi gjekk til sengs. Det viste seg at Bonnie og Chad frå USA skulle på akkurat dei same øyene som oss.

Veronica og Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar