Søk i denne bloggen

mandag 5. august 2013

4. August Bali

   4. August - Bali

I og med at vi ikkje var i seng før rundt klokka 0400 sov vi litt frampå i dag. Når vi stod opp åt vi frukost før vi gjekk og såg oss litt rundt på hotellet. Der kom vi over ei brosjyre om spa og masasje.

Vi slo på stortromma og bestemte oss for ei pakke som inkluderte kroppsmasasje, kroppsskrubb, ansiktsskrubb, ansiktsmasasje, varm dusj, blomsterbad, en kopp te og hårvask.

Vi har fleire gongar på turen opplevd at folk trur vi er tvillingar eller søstre og ein sjelden gong kjærastar. Vi har forklart så godt vi kan at vi berre er venar. Som ekte sunnmøringar utnytta vi tilbodet om parmassasje, så vi sparte litt pengar. Det gjekk veldig bra heilt til dei ville ha oss til å dusje saman. Då måtte vi forklare at vi ikkje var eit par, men berre venar. Så det ordna seg heldigvis.

Heile opplegget gjor godt for kroppen, med unntak av hårvasken som vi kunne vore forutan. Vi var der i heile 4 timar, men tida gjekk fort.

Vi avslutta dagen med middag og ein tur langs stranda før vi gjekk gatene tilbake til hotellet.

I morgon skal vi utforske meir!

Veronica & Ane

2 kommentarer:

  1. Haha, flira mej ihjel når ej las at dei ville ha dokke te å dusje i lag! Kosla! :p

    May-Liss

    SvarSlett