Søk i denne bloggen

fredag 16. august 2013

12. august - Bali, sightseeing med søskenbarnet til Putu

I dag skulle vi og ha sightseeing med Putu, men det var søskenbarnet hans som kom og henta oss. Putu hadde eit anna oppdrag. Heldigvis virka fyren grei, så vi var ved godt mot då turen starta.

Første stopp var eit tempel ved havet. Veldig fin utsikt og SJUKT store bølger. Det såg ikkje ut som eg (Ane) hadde greidd å surfe der. Hadde heller blitt slått til krabbemat mot klippene!

Vi har fortsatt ikkje blitt kvitt superstjerne-statusen og fekk fleire spørsmål  om å stille opp på bilete. Den eine gongen fekk eg knipsa Veronica saman med ein av beundrarane ;) ( siste bilete)

Neste stopp var ein sommerfuglpark. Eg er ikkje spesielt glad i sommerfuglar, eller andre insekt forsåvidt, så dette blei ei utfordring. Etter mykje nøling og latter (spesielt frå Veronica, som lo av meg) kom vi oss omsider inn. Sommerfuglane var store og fargerike. Nokre av dei var faktisk ganske fine!

Vi fekk og sjå eit bladdyr, skorpion og nokre larver. Plutselig hadde vi gått inn i eit slags bur der kokongane til sommarfuglane var. Og før eg visste ordet av det hadde ein av dei overivrige balinesarane satt ein sommarfugl på handa mi! Herlige land! Det gjekk faktisk ganske greit, og mellom latterkulene fekk Veronica tatt nokre bilete til og med! Veronica fekk og prøve å halde ein, og den var mykje finare enn den eg haldt... men, men!

Siste stopp før lunsj var Bali's største risterasse. Vi likte eigentleg den første vi såg betre, men denne var mykje større. Fekk tatt nokre bilete og sett oss litt rundt før vi åt lunsj på ein restaurant med utsikt over risterassene.

Veronica & Ane

3 kommentarer:

  1. Steik ka fint der va!! :) Å artige bilde me insekt og beundrera! :)

    Maya

    SvarSlett
  2. Åååå kom va det som holdt billa.
    Mor

    SvarSlett
  3. Wow! De va skikkeli kule dyr!! Å stoore sommerfugla

    SvarSlett