Søk i denne bloggen

fredag 9. august 2013

7. august - Bali, sightseeing med Putu

Del 1 

Vi har hatt lyst til å sjå meir av Bali på ein enkel måte. Det beste er då, slik vi ser det, å bli vist rundt av dei lokale. På internett kom eg over sida: www.driverinkuta.blogspot.com. Dei hadde berre fått gode anmeldelsar frå andre, og vi tenkte at vi skulle prøve dette. Vi bestilte ein tur og stod klare til å bli plukka opp klokka 08:30.

Sjåføren vår, Putu, var ein veldig hyggelig mann. Han snakka godt engelsk og svarte på alle spørsmåla vi hadde. Det virka og som han var veldig opptatt av at vi skulle få ei fin og opplevelsesrik omvisning.

Første stopp var "batik processing". Der fekk vi sjå korleis dei måla på klede, korleis dei vevde tøy og korleis dei sydde klede. I tillegg var det ein butikk der ein kunne kjøpe det dei hadde laga og ein mann som satt og laga t-skjorter med forskjellige tegningar og trykk på bestilling.

Neste stopp var "Barong and Kris dance". Eit balisk teaterstykke som blei framført dansande til musikk. Veldig bra! Du kan sjå litt av det her:
https://www.youtube.com/watch?v=tJCI9FzEG6A&feature=youtube_gdata_player

Deretter stoppa vi hos ein treskjerar. Mykje rart dei kan få til med ein kniv og litt tre. I tillegg var vi innom ein sølvsmed/gullsmed. Der fekk vi sjå korleis dei blanda reint sølv med kopar for å få eit sterkare metall. Det var også butikkar som selde ferdiglaga sølvsmykker og treutskjeringar.

No var det tid for apetempel, og vi fekk beskjed om å passe på øredobbar og vesker. Apene kunne nemlig finne på å prøve å få tak i det. Vi var ikkje der så lenge, vi føler at vi har sett nok aper på turen.
  Siste stopp før lunsj var utsikt oved risterasser. Veldig vakkert og grønt. Ris blir planta tre gongar i året her, men dei lagar ikkje nok til eget forbruk så dei må importere frå andre land.

Veronica & Ane

2 kommentarer:

  1. Flott!!! alt døkk fer med døkk
    Mor Edda og gullklumpen

    SvarSlett