Søk i denne bloggen

fredag 2. august 2013

1. August - Kuala Lumpur, Malaysia

   

Dagen starta med frukost før vi utnytta tida før utsjekking til å sole oss litt. Etter det satt vi oss på The Coffee Club og tok oss ein kaffi medan vi venta på taxien til flyplassen.

På flyplassen var det meir venting, men omsider kom vi oss på flyet til Kuala Lumpur - Malaysia.

Kuala Lumpur er hovudstaden i Malaysia. Dei ligg 6 timar framom Noreg i tid. Byen er prega av si multikukturelle befolkning og ein kan sjå både kirketårn, kinesiske pagoder, indiske tempel og moskear over heile byen. Det er også fleire store skyskraparar som til dømes Menara Tower og Petronas (twin towers). I Kuala Lumpur er faktisk over 50% av befolkninga kinesiske!

På flyplassen kjøpte vi oss kvar sin donut som vi gleda oss til å ete på hotellet. Klokka blei 22:00 før vi var framme, men hotellet såg bra ut så vi var glade. Vi gjekk til Chinatown, rett ved sidan av hotellet, for å ete kvelds. Der prøvde vi å bestille mat, men servitøren misforstod så vi fekk berre halve bestillinga. Altså berre chips, i staden for kylling og chips..

Når vi skulle betale for oss tok dei sjølvsagt ikkje kort, så eg (Ane) måtte finne ein minibank for å ta ut pengar. Veronica satt igjen som "gissel" så vi ikkje skulle stikke av frå rekninga.

Etter at vi hadde betalt for oss gjekk vi tilbake til hotellet. Det viste seg at vi hadde gått ut bakvegen, og den var stengt for natta. Då var det å setje i gong å leite etter hovudinngangen. Etter mykje fram og tilbake hadde vi gått oss vill - trudde vi. Heldigvis greidde vi å kjenne igjen ei gate, og der såg vi inngangen på hotellet! Hurra, tenkte vi... men den gang ei.

Oppe på rommet venta det oss nemleg ein heil masse maur. Dei hadde sikkert lukta donutane våre. Det var maur over heile skrivepulten, på golvet og inni donutposen. Vi gjekk til resepsjonen for å be om hjelp, og dei gav oss heldigvis eit nytt rom.

Etter ein lang dag sovna vi fort på det nye rommet!

Veronica & Ane

2 kommentarer: