Søk i denne bloggen

søndag 4. august 2013

3. August - Kuala Lumpur

       
Vi var litt sletne i dag, men kom oss opp og fekk pakka sekken før frukost. Etter frukost og utsjekking bestilte vi ein tur til Batu caves som er ei slags grotte i fjellet. Den er forma av kalkstein.

Batu Caves blei brukt som ein plass for tilbeding av ein indisk handelsmann. Det er 272 trappetrinn opp til tempela. Det største og mest kjende tempelet der heiter Cathedral Cave. Rundt på veggane var det fleire hinduistiske gudar og helligdomar.

Vi tok trappetrinna som trening, og vi blei fort sveitte. Temperaturen var på 35 grader denne dagen. Det hjalp ikkje akkurat på!

På veg tilbake stoppa vi først innom ein smykkebutikk, skinnbutikk og til slutt ein kaffe/sjokolade butikk. Vi var omtrent dei einaste i butikkane, og vi merka at det var om å gjere å få solgt oss mest mogleg. Mykje fint i alle butikkane, men vi har dessverre ikkje plass til så mykje. Men vi kjøpte kvar sitt smykke med det kinesiske stjerneteiknet vår på eine sida, og svart stein på andre sida. Ane er ape som betyr clever(sjå bileta lengre nede) og Veronica er saud som betyr generous.

Tilbake i sentrum åt vi middag før vi tok ein taxi til flyplassen. Klokka 23:10 gjekk flyet vårt vidare til Bali, Indonesia. Bali og Kuala Lumpur har heldigvis same tidsforskjell, så vi slepp å omstille oss.

Kuala Lumpur er ein veldig vakker by, som vi gjerne vil tilbake til! No gler vi oss til Bali. Det einaste som bekymrar oss litt er at 1000 indonesiske rupi er 2 NOK, men det går nok fint når vi kjem inn i det.

Veronica & Ane

1 kommentar: