Søk i denne bloggen

lørdag 31. august 2013

26. august - Naviti, Fiji

Neste øy på reisa var øya Naviti som er mykje lengre nord enn Waya Lailai. Her skulle vi bu på White Sandy Beach resort.

Når vi kom fram dit arrangerte dei leikar for oss. Blant anna tautrekking mellom dei innfødte og oss turistane. Vi vann!! På denne resorten var vi ganske mange, til og med fem norske som studerte i New Zealand. Rart å kunne snakke norsk igjen!

Vi skulle få smake ferske kokosnøtter. Måten dei plukka kokosnøttene på var at dei sendte ein av gutane i staben opp i palma. Han klatra da opp utan sikring og hjelpemiddel. Etter å ha kasta ned mange kokosnøtter snudde han seg opp ned og klatra ned att med hovudet først! Som ei firfirsle. Sjukt kult!

Resten av dagen slappa vi av litt på stranda før vi gjekk ein tur for å sjå på solnedgangen. Nesten like vakkert som heime! Hehe.

Etter middag underhaldt staben frå hotellet med fijisk sang og dans. Vi fekk og lære ein dans. Deretter hadde vi fleire danseleikar, noko som var veldig gøy.

Vi avslutta dagen med bål på stranda.

Veronica & Ane

1 kommentar:

  1. Steik, førr nokken vannvittig fine bilde!! :D

    May-Liss

    SvarSlett