Søk i denne bloggen

torsdag 22. august 2013

21. august - del 1 - Byron Bay og Surfer's paradise


I dag stod vi opp klokka 06:00. Vi hadde nemleg ei avtale klokka 07:00. Vi kom oss på vegen og var klare til dyst til rett tid. Det var litt venting før vi kom i gang, men det gjorde ingenting for no skulle vi hoppe i fallskjerm!!!

Det var ganske kaldt denne morgonen, så vi fekk låne bukse og genser av arrangøren. Vi fekk på oss utstyret, øvde i ca 1 minutt på korleis vi skulle hoppe ut av flyet og lande, så bar det avstad. Mannen som skulle hoppe med meg (Ane) hadde jobba i Voss i Noreg. Han hoppa mellom 3 til 16 hopp på ein dag og hadde over 7000 vellykka hopp bak seg. Veronica sin mann hadde også jobba i Voss, og rundt heile verda med fallskjermhopping i 28 år.

Turen opp til 15 000 fot tok ca 20 minutt og vi kunne sjå at verda der nede blei mindre og mindre. Så var vi høgt nok oppe og dei åpna døra. Det var ca -8°C ute. Etterkvart som folk hoppa ut kom dei eit "svusj", det haurest mykje meir voldsomt ut enn det var.

Eg hoppa ut nestsist og Veronica kom like etter. Det er ein veldig merkeleg følelse å dette ned mot jorda på denne måten! Utsikta var fantastisk og det var faktisk ikkje skummelt i det heile tatt. Når fallskjermen blei dratt ut var det som å henge i lause lufta og sveve over verda. Vi fekk prøve å styre litt også. Kult!

Når vi landa var vi høge på adrenalin, men etter å ha fått bileta av oss sjøl satte vi oss i bilen og køyrte mot Brisbane. På vegen stoppa vi i Surfer's paradise som er ein by ca 45 min utanfor Brisbane. Vakre strender, varme og surfarar. Det var mykje vegarbeid i byen, så det var litt vanskeleg å manøvrere seg fram. Men vi greidde det!

Veronica & Ane

4 kommentarer:

  1. Bra han hadde 7000 velykka , viss ikkje kå da......:))))))))
    Mor

    SvarSlett
  2. Åhh, ditta ser heilt fantastisk ut!

    SvarSlett
  3. Fy søren, dåkke e modige!;)

    SvarSlett
  4. Haha, ej kjenne att ditta "svisje" som dokke skriv om! De e ganske absurd! Kjempekult at dokke hoppa i fallskjerm då! De e no bære verdens mest fantastiske følelse! :) Korsen va Surfers Paradise ellers?

    SvarSlett