Søk i denne bloggen

lørdag 31. august 2013

24. august - Waya Lailai, Fiji

Vi måtte opp klokka 0600 for å rekke å pakke og ete frokost før avreise mot øyane klokka 0700. I Fiji så lev dei etter "Fiji-tid". Det vil sei at dei lev i eit litt roligare tempo enn vi er vandt til.

Båten vi skulle ta var som ein stor hurtigbåt. Den køyrte innom fleire øyer på vegen til Waya Lailai. Blant anna ei bittelita øy som berre bestod av sand. Veldig spesielt.

Når den store båten var framme ved Waya Lailai måtte vi hoppe over i ein liten trebåt som frakta oss inn til øya. Der sang dei til oss når vi kom.Vi bur i "dorm" på alle øyene vi skal på. Dette er ein felles sovesal med mange senger. På Waya Lailai var det berre eit anna par og tre tyske gutar når vi kom, så vi budde åleine.

Første dagen blei tilbrakt på stranda og i hengekøyene ved stranda. Vi slappa av, leste og kosa oss. Vi fekk og lære å flette armeband av blad frå kokosnøttpalmer. Stilig!

På kvelden gjekk vi opp på toppen av fjellet på øya for å sjå på solnedgangen. Vi hadde med oss ein familie med ein 4-åring, derfor tok turen litt lengre tid. Utsikta var flott der oppe, så det var verdt turen opp!

Vi avslutta dagen med middag saman med to kjekke damer frå Italia. Vi trudde dei var kjærestar, men det viste seg å vere mor og datter. Ups!

Alle måltid blir forresten servert av dei som eig resorten ("hotellet") vi bur på. Vi blir som ein del av familien og får lære mykje om kulturen deira. Vi lev ikkje etter klokka, men etter ei tromme som dei tromma på når det er tid for mat.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar