Søk i denne bloggen

onsdag 21. august 2013

20. august - Tamworth til Byron Bay

(Første bilete er frå i går kveld)

I dag hadde vi planar om å køyre til Byron Bay. I følge GPS'en, Tim, skulle det ta 6-7 timar. Vi kom oss avgårde rundt 07:30 og var fornøgde med det.

Ca halvvegs begynte lampa på bensinmålaren å lyse. Sidan vi befann oss midt ute i ei eller anna villmark vart vi litt stressa. Vegane var humpete, svingete og smale og det var svært få bilar både møtande og bak oss. Både eg og Veronica satt og planlagte kva vi skulle gjere dersom tanken gjekk tom, men vi sa ingenting høgt til kvarandre. Viktig å halde motet oppe ;) gleda var derfor stor når vi kom til ein liten landsby med bensinstasjon!

Rundt klokka 15:30 var vi framme i Byron Bay. Der parkerte vi på stranda og såg på utsikta. Plutseleg kom ein mann bort til oss, han var veldig hyggelig og prata i eit sett. Etter litt prat om laust og fast spurte han om vi var gravide og om vi ville bli med til byen Nimbin og kjøpe weed. Det var visst mykje bra greier der. Sidan vi ikkje var gravide, var det ingen grunn til å ikkje prøve meinte han. Vi takka fint nei, og sjølv om han ikkje heilt skjønte kvifor så var det greit nok. Han blei ubehagelig pågåande etter ei stund, så vi gjekk for å ete mat.

Der vi skulle ete måtte vi kjøpe drikke for å få internett tilgang og om vi kjøpte ei øl fekk vi to pizza for en. Sunnmøringar som vi er så slo vi til.

Vi avslutta dagen med en biltur til eit fyrtårn. Veldig fint! Så parkerte vi på ein parkeringsplass og la oss til å sove.

Veronica & Ane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar